Hopp til innhold

Operasjonssjukepleiar ved augeoperasjon, fast dagstilling med beredskapsvakt

Arbeidsgiver

Augeavdelinga/ Auge operasjonseining, Helse Bergen HF

Sted

Jonas Lies vei 72, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Operasjonssjukepleiar ved augeoperasjon fast dagstilling med beredskapsvakt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Augeoperasjon er ein del av Augeavdelinga og har ansvar for planlagd og akutt augekirurgi. Vi tilbyr kirurgi for dei fleste kirurgiske tilstandar i auge og nyttar avansert medisinsk teknisk utstyr. Kirurgien blir utført både i lokal og generell anestesi. Pasientane våre er barn, unge, vaksne og eldre.

Seksjonen har fleire operasjonsstover og eit fagmiljø beståande av erfarne operasjonssjukepleiarar. Vi samarbeider tett med kirurgar, anestesipersonell og andre faggrupper i eit tverrfagleg team med høgt fokus på pasienttryggleik, kvalitet og god arbeidsflyt.

Vi har no ledig fast stilling i 100% som operasjonssjukepleiar. Stillinga er ei dagstilling med beredskapsvakt utanom ordinær arbeidstid, kveld, natt og helg. Beredskapsvaktene er heimebaserte med utrykking ved behov. 


Arbeidsoppgåver

  • Operasjonssjukepleie ved planlagd og akutt augekirurgi
  • Steril assistanse under kirurgiske inngrep
  • Koordinerande funksjon på operasjonsstove
  • Deltaking i beredskapsvakt med utrykking ved behov
  • Bidra til pasienttryggleik, kvalitet og gode pasientforløp
  • Samarbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
  • Relevant erfaring frå operasjonsavdeling er ein fordel
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Er trygg i operasjonssjukepleiarrolla og fagleg bevisst
  • Er særs fleksibel og handterer raske endringar i arbeidskvardagen
  • Meistrar ein fysisk krevande og til tider intensiv arbeidskvardag
  • Arbeider strukturert og effektivt under tidspress
  • Er påliteleg og tar ansvar i beredskapsordninga
  • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og godt samarbeid mellom operasjonsavdeling og DKE

Vi tilbyr

  • Fast dagstilling med beredskapsvakt
  • Eit spesialisert og variert fagfelt innan augekirurgi
  • Eit stabilt og erfarent fagmiljø
  • Tett tverrfagleg samarbeid
  • God opplæring og fagleg støtte
  • Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Rio-Standal, Seksjonsleiar, 48608897

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 72
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5074737040
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Linda Rio-Standal

Seksjonsleiar

48608897

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a73a6172-918a-427a-82d4-027c6a3662d5

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

aee6e4d21eb64d65a93a22e1a7ca6c95

Lignende annonser

Assisterande seksjonsleiar – Hovud-Hals seksjonen (Operasjonsavdelinga)

Arbeidsgiver

Kirurgisk serviceklinikk/ KSK hovud-hals, Helse Bergen HF

Sted

Bergen