Hopp til innhold

Tueteigen barnehage søkjer

Arbeidsgiver

Voss herad Tueteigen barnehage

Sted

5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 17. mars

Er du barne og ungdomsarbeidar og har erfaring med arbeid med enkeltbarn?

Då søkjer Tueteigen barnehage deg!
Har du erfaring med å jobbe med enkeltbarn? Då vil me gjerne at du skal søkje!
Tueteigen barnehage har ledig 100% mellombels stilling frå per dags dato til 31.07.2026, med moglegheit for forlenging.
Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden.

Om Tueteigen barnehage:
Tueteigen er ein kommunal barnehage som ligg i Granvin. Barnehagen har tre avdelingar, "Kjellaren", “Midten” og “Toppen”. Totalt er det 60 barn i barnehagen. Frå hausten skal me flytte inn i ny barnehage i sentrum av Granvin.

I Tueteigen barnehage er me opptekne av å gje borna eit godt omsorgs- og læringsmiljø prega av leik og gode relasjonar. Borna skal oppleva trygge vaksne som er til stades og støttar borna si utforsking, og som rettleiar og støttar born ved behov. Barnehagen skal vera ein trygg, utforskande og kjekk stad som borna gler seg til kvar dag.

I Tueteigen har barna eit stort og godt uteområde der dei kan boltre seg, samstundes som me legg vekt på å vera ute på tur i nærområde til barnehagen.

Voss herad tilbyr:
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Arbeidsoppgåver:
  • Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
  • Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen
Kvalifikasjonskrav:
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.
Me ynskjer at
  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
  • Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
  • Du er blid, omgjengeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du gjerne har sertifikat
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Evelyn Henriksen

Styrar

+47 98819284

evelyn.henriksen@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ec707d2d-ca1c-4a94-80c2-3bb0ae8fbf41

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3599563_212657_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Oppvekst - barnehage

Sted

Norheimsund, Øystese, Øystese, Strandebarm, Tørvikbygd, Ålvik

Fagarbeidar og/eller assistent

Arbeidsgiver

Voss herad Skulestad skule

Sted

Skulestadmo