Barnehagelærar i Eksingedalen oppveksttun avd. barnehage
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar i Eksingedalen oppveksttun avd. barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 40%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Om stillinga
Vi har ledig 40 % vikariat for barnehageåret 2026/2027.
Ved Eksingedalen oppveksttun får du ein unik sjanse til å jobba som barnehagelærar i barnehagen. Her kjem du tett på både barn og elevar, og du kan vera med på å forma kvardagen deira. Barnehagen hos oss er nært knytt til skulen. Det er 4 barn i barnehagen og 11 elevar på skulen kommande år, og på oppveksttunet er vi saman om mange tema og arbeidsoppgåver. Vi brenn for skulehage, kultur, natur og friluftsliv, og brukar nærområdet aktivt i kvardagen. Her får både små og store utforska, læra og veksa saman – ute som inne.
Er dette noko for deg?
Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir!
Krav til kompetanse
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Søkarar med anna relevant utdanning kan ved behov bli vurdert
- Ønskeleg med erfaring frå barnehage
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du er stabil og påliteleg, og bidreg til eit trygt og godt tilbod for barna og arbeidsmiljøet.
- Du må vera ein god samarbeidspartnar som skapar tillit og god dialog med tilsette, barn og foreldre.
Vi oppmodar menn til å søka.
Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggast fram ved tilsetjing.
Vaksdal kommune tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1e9937aa-c94b-43fd-bec9-5fe6db2bd6a1
- Sist endret
8. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290350