Glad i barn og leik, uteliv og omsorg?
Voss herad Bjørgamarka barnehage
Tjørnateigen 13, 5709 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar/Assistent.
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Ledig stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent i 80% stilling. Stillinga er eit vikariat frå dags dato til ca. april 2027, men moglegheit for forlenging.
Bjørgmarka barnehage er ein treavdelingsbarnehage som ligg om lag 8 km frå sentrum, retning Granvin. Me er ein barnehagen som er oppteken av å skape gode og trygge dagar for borna. Leik og gode leikemiljø står sentralt i arbeidet vårt og me samarbeidar mykje på tvers av avdelingane.
Me er mykje ute og nyttar Skogslottet i den flotte Eventyrskogen vår. Her får borna utforske, leike og oppleve natturen gjennom ulike årstider. Eit godt arbeismiljø er viktig for oss. Me ønskjer at alle tilsette skal kjenne seg trygge, verdsette og som ein viktig del av fellesskapet. Me legg vekt på godt samarbeid, open kommunikasjon, humor og trivsel i kvardagen. For oss handlar eit godt arbeidsmiljø om å ta vare på kvarandre, spele kvarndre gode og saman skape ein arbeidsplass der det er godt å vere. I år har me eit kommunalt satnisområde saman med di andre Vossabarnehagane, med fokus på lesing. Me les bøker kvar dag og ønskjer å skape gode leseopplevingar, språkglede og leselyst hjå borna.
Me ynskjer oss ein medarbeidar som vil vera med på bidra til både eit godt barnehagtilbod for borna og eit trygt og inklderande arbeidmiljø for dei tilsette.
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget som får 100 % stilling i Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehage enn Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad fylgjer ikkje rekrutteringstillegg med.
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Kvalifikasjonskrav:- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.
- Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
- Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
- Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen
- Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
- Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
- Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
- Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
- Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
Menn blir oppmoda om å søkja
Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0d3f9462-2e0d-4966-9ff7-de0c66923a65
- Sist endret
13. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3652295_212655_nn