Hopp til innhold

Vil du arbeide med barn og ungdom?

Arbeidsgiver

Voss herad Villa Gjerdebu

Sted

Ringheimsvegen 212, 5710 Skulestadmo

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar og vikariat
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 17. desember

Vil du gjera ein forskjell for barn og ungdom?

Villa Gjerdebu tilbyr eit trygt og tilrettelagt bu- og avlastingstilbod for barn og ungdom. Tenesta legg vekt på meistring, trivsel, deltaking og gode opplevingar i kvardagen. 
Helgestillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg etter avtale. Vikariatet inngår i turnus med dag-, kveld- og helgevakter. Kommunalavdeling helse og omsorg i Voss herad søkjer engasjerte medarbeidarar til vår avlastningstilbod for barn og ungdom.

Me har ledig:

  • 4 faste helgestillingar på ca. 20%
  • 1 vikariat 100 % frå 01.03.26 til 01.12.27 med mogleg forlenging.

Stillingane på helg passar godt for studentar innan vernepleie, sjukepleie, barnevern, sosialt arbeid og andre helse- og sosialfaglege utdanningar, men me oppmodar også andre med relevant erfaring og interesse for målgruppa om å søkja.
I vikariatet ynskjer ein fagarbeider med relevant utdanning. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du bidreg til trygge, aktive og innhaldsrike dagar for barn og ungdom med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov.

Om arbeidsplassen

Villa Gjerdebu tilbyr eit trygt og tilrettelagt bu- og avlastingstilbod for barn og ungdom. Tenesta legg vekt på meistring, trivsel, deltaking og gode opplevingar i kvardagen. Helgestillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg etter avtale. Vikariatet inngår i turnus med dag-, kveld- og helgevakter.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå barn og ungdom i daglege gjeremål.
  • Leggja til rette for aktivitet, meistring og sjølvstende.
  • Byggja trygge relasjonar og skapa gode opplevingar.
  • Bidra til eit heilskapleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod.
  • Samarbeida med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentera i journalsystemet Aidn (opplæring vert gitt).
  • Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant helse- og sosialfagleg utdanning er ønskjeleg.
  • Studentar innan vernepleie, sjukepleie, barnevernspedagog, sosionom eller andre relevante studium vert oppmoda om å søkja.
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg.
  • Erfaring med målretta miljøarbeid eller åtferd som utfordrar er ein fordel.

Har du ein partnar som òg er på jakt etter jobb? På Hardanger og Voss kallar finn de informasjon om regionen og ledige stillingar.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Er ein trygg, omsorgsfull og leiken vaksen.
  • Har interesse for arbeid med barn og ungdom.
  • Er ansvarsmedviten og samarbeider godt med andre.
  • Kan stå roleg i utfordrande situasjonar.
  • Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag.
  • God opplæring og fagleg rettleiing.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Erfaring frå eit spennande fagfelt.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. 

Har du ein partnar som òg er på jakt etter jobb? På Hardanger og Voss kallar finn de informasjon om regionen og ledige stillingar.

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Vil du vera med og skapa trygge rammer, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter for barn og ungdom? Då ser me fram til å høyra frå deg. Velkomen som søkjar i Voss herad!

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

May Elisabeth Bolstad

97050363

may.e.bolstad@voss.herad.no

Om bedriften

Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. Verdiane våre er: Profesjonell Påliteleg Skapande Inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c87926e-42d9-4d1f-9e66-507eb656e86a

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3680477_213079_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser