Hopp til innhold

Voss barnehage søkjar deg!

Arbeidsgiver

Voss herad Voss barnehage

Sted

Regimentsvegen 126, 5705 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat som barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. november

Voss barnehage søkjer ein engasjert fagarbeidar til ei 100 % vikariat med snarleg oppstart. Stillinga varer fram til 31.07.2027 (kan verta forlenga).Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett opp mot tre barn med autisme. Teamet er sett saman av barnehagelærarar og fagarbeidarar.

Hjå oss møter du dyktige kollegaer og  vakker natur rett utanfor døra. Me har eit fagmiljø som er oppteke av utvikling, og er i oppstarten av eit prosjektarbeid med "Kollektiv kompetanseheving". Dette er eit samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon.  Me har òg stort fokus på tilbakemeldingskultur i barnehagen. Lesing og språkutvikling er felles satsingsområde for dei kommunale barnehagane i heradet, der me har som mål at alle barn skal bli lest for kvar dag. Barnehagen sin eigen visjon er "Vennskap og meistring"; at alle born skal ha nokon å leika med , og oppleva meistring kvar dag.

Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær. 

Hjå oss får du: 
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje humor 
  • Tett støtte frå pedagogiske leiare og styrarane
  • Moglegheit til fagleg utvikling gjennom eksterne kurs, rettleiing og intern kompetanseheving
Som tilsett i Voss herad får du:
  • Rettleiing for nytilsette
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Arbeidsoppgåver
  • Arbeid med, og oppfølging av barn med autismespekterforstyrring
  • Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet
  • Samarbeid med føresette, kollegaer og andre relevante faginstansar
  • Delta i daglege rutinar og aktivitetar i barnehagen
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg
  • Erfaring med, eller interesse for arbeid med barn med særskilde behov, spesielt autisme, er ynskjeleg
  • Assistent med relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vurderte
Me ser etter deg som:
  • Har evne til å byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer.
  • Kan arbeide sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre.
  • Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert kvardag.
  • Tek initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
  • Kan reflektere over eigen praksis og er open for fagleg utvikling.

Vil du vere med og gjere ein viktig forskjell i barna sin kvardag? Då håpar vi du søkjer. Hos oss får du arbeide i eit sterkt fagmiljø, tett på barn som treng trygge relasjonar, og vere med på å skape utvikling, meistring og gode dagar for dei som har størst behov for det.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. 
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Tor-Einar Wahl

90825233

tor-einar.wahl@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9ea9f6dc-0e38-4d2f-b978-8350f0c9d084

Sist endret

12. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3677875_212641_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser