Vikariat
Voss herad Granvin barne- og ungdomsskule
Hardangervegen 2543, 5736 Granvin
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat barne- og ungdomsarbeidar/helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 9. desember
Granvin barne- og ungdomsskule har ledig eit vikariat som barne- og ungdomsarbeider. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariat inntil 1 år. Du vil få arbeida med enkeltelevar med ulike føresetnader og utfordringr i klassar og på SFO. Stillinga føl vanleg arbeidsår med utvida SFO/tilsynsordning. Granvin barne- og ungdomsskule har 125 elevar og ligg i Granvin sentrum, 20 minutt med bil frå Vossevangen. Her har me eit godt skulemiljø og gode tilhøve for uteaktivitetar både ved og på sjøen, i skog og fjell. N
Arbeidsoppgåver:- Du vil arbeida tett med elevar og klassar i lang med kontaktlærar og andre som til saman utgjer laget kring borna og vera ein ressurs for elevane i undervisninga ute og inne.
- Du må kunne ha sjølvstendig ansvar for elev med store hjelpebehov. Dette inneber stell, pleie og omsorg.
- Granvin barne- og ungdomsskule jobbar kontinuerleg med klasseleiing og skulemiljjø og skulen er ein god plass å vera for elevar og tilsette. Alle tilsette spelar ei viktig rolle i miljøarbeidet mellom elevane og i arbeidsmiljøet elles. Eit positivt elevsyn, ynskje om å bidra stabilt og positivt til arbeidsmiljøet for alle og å vera løysingsorietert er viktige eigenskapar å ha i arbeidet.
- Aktiv undervisning ute og inne er satsingsområdet vårt. Å vera ute i all salgs vêr året rundt og trivast med mykje fysisk aktivitet er ein føresetnad for å kunne fungera i stillinga.
- Fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar.
- Personar som manglar fagutdanning kan vurderast dersom du kan visa til god realkompetanse som passar til stillinga.
- Flytande munnlege norskkunnskapar er avgjerande for arbeidet med elevane.
Personlege eigenskapar:
- Du tek ansvar, er sturkturert og taklar hektiske arbeidsdagar over tid.
- Du har fysiske eigenskapar til å kunne hjelpa både store og små elevar i skulearbeid og vera aktivt med på faste utedagar og uteleik elles.
- Elevsynet ditt er positivt og du trivst med eit aktivt og engasjert kollegium og er med på å ta ansvar for trivsel og arbeidsmiljø for både vaksne og born.
- Du er nysgjerrig og likar å vera i utvikling
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6d5960bf-e57f-4447-954b-63161d8346f5
- Sist endret
25. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3679139_212973_nn