Hopp til innhold

To stillingar på 14% helgearbeid. Dagvakter og seinvakter

Arbeidsgiver

Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen

Sted

Hagahaugvegen 30, 5705 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar og/eller assistent
Type ansettelse
Fast, deltid 14%
Arbeidstid
lørdag og søndag
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Om arbeidsstaden
Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team. På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Utlysinga gjeld for arbeid på helg i rehabiliteringsavdelinga. Stillinga er to-delt, me har eigen nattevaktsordning.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine.

Arbeidsoppgåver
  • pleie og omsorg til våre brukarar
  • rehabiliterande tankesett
  • tverrfagleg samarbeid 
  • medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
  • dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem.
  • utføre tenester etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regelverk
  • arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den einskilde i kvardagen
  • arbeid med velferdsteknologi
Kvalifikasjonar
  • Helsefagarbeider, assistent med relevant erfaring kan vurerast
  • du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan rehabilitering, men ikkje noko krav

Personlege eigenskapar vert vektlagt
Det er krav om politiattest ved tilsetjing

Me ynskjer deg som 
  • ynskjer å påverke tenestene og utgjere ein forskjell for brukarane
  • trivst med å arbeida både på eigehand og i team
  • har "stå på vilje", engasjement, ansvarsbevisst og eit ynskje om å hjelpe andre
  • er fleksibel

Ved intern tilsetjing kan anna fast stillingsprosent verte aktuelt.

Me tilbyr
  • Stillingsbrøk: To stillingar på 14% helgearbeid. Dagvakter og seinvakter
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg samarbeid og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Velkommen til å søkje stillinga – vi ser fram til å få deg på laget.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Nina Stavenes

+47 41704969

nina.v.stavenes@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0c1a78ba-6095-4118-9158-9c44f86ffe67

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3675799_213045_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser