Hopp til innhold

Udlabu

Arbeidsgiver

Voss herad Udlabu

Sted

Hardangervegen 51, 5705 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Vil du bidra til meistring, ein god heim og ekte arbeidsglede saman med kjekke kollegaer? Då kan dette vera stillinga for deg!

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.

Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, i ein god heim, fellesskap og gode opplevingar.

Me søkjer etter:

  • 3 faste helgestillingar frå 04.01.2027. Tiltreding tidlegare kan vere mogleg etter avtale. 
  • årsturnus med dag- og ettermiddagsvakter, moglegheit for langvakter etter ynskje. Arbeid kvar 3. eller 4.helg.

Arbeidsoppgåver:

  • bistå tenestemottakar i dagliglivets og gjeremål
  • målretta miljøarbeid
  • team-arbeid og oppfylging av tiltaksplanar
  • medikamenthandtering
  • skapa tryggleik og struktur
  • delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver, fritidsaktiviteter og trening
  • praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar

Kvalifikasjonar:

  • vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m). Relevant fagutdanning eller assistent med relevant erfarning kan verta vurdert
  • Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

    • er kreativ og likar å tenkje nytt
    • har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
    • arbeider sjøvstendig og tek ansvar
    • er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
    • er trygg, strukturert og målretta
    • har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar
    • god norskspråkleg tale og ellers gode kommunikasjonsevner

    Me tilbyr:

    • gode vilkår for fagleg utvikling
    • eit godt tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
    • Fadder-ordning i oppstartsfasen
    • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • gode pensjonsordningar
    • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
    • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

    Søknad

    Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje.

    Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Line Førde

    +47 46813906

    Line.Forde@Voss.herad.no

    Om bedriften

    Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    e532bb11-8b21-4237-98a1-d48d9615ec69

    Sist endret

    30. oktober 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3673983_213083_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser