Hopp til innhold

Avdelingsvert ved Voss sjukeheim

Arbeidsgiver

Voss herad Voss sjukeheim korttidsavdelinga

Sted

Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsvert
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus, alle dager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. desember

Om arbeidsstaden

Område vest er lokalisert ved Voss sjukeheim, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon. Område vest består av ei langtidsavdeling, korttidsavdeling og heimeteneste. Lysinga gjeld for korttidsavdelinga.  Me jobbar for tida etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Me har eit sterkt aukande fokus på mestringsteknologi.

Avdelinga har ledig to stillingar som avdelingsvert, ein stilling i 65% og ei helgestilling på 20%.
Begge stillingane inneber arbeid annar kvar helg.

Me tilbyr
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • God opplæring og rettleiing
  • En variert og meiningsfull jobb
  • God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring
 Arbeidsoppgåver

Hovudmålet med stillinga er å avlaste pleiepersonalet med oppgåver som ikkje er direkte pasientretta, slik at dei får meir tid til pleie og omsorg. Samstundes skal avdelingsverten bidra til trivsel, fellesskap og ein god kvardag for bebuarane

  • Kjøkkenarbeid, til dømes reinhald, borddekking, servering og istandgjering av måltider
  • Reinhaldsoppgåver knytt til pasientrom, fellesareal og skyllerom
  • Oppgåver knytt til varemottak og orden på lager og lintøyrom
  • Andre praktiske og trivselsskapande oppgåver, som å stelle blomar, pynte til høgtider og bidra til eit triveleg og heimleg miljø for bebuarane
  • Arbeid annarkvar helg
 
Kvalifikasjonar

Du som er ufaglært og ynskjer å gjere ein forskjell for våre tenestemottakarar. Du må inneha tilstrekkeleg norsk språkkunnskap til å kunne omgåast og samarbeide med pasientar og kollegaer.
Helsefagleg utdanning eller erfaring frå arbeid med pasientnære oppgåver er ein fordel. 

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er trygg, strukturert og målretta
  • Er fleksibel og løysningsorientert
  • Er Inkluderande og god til å byggja relasjonar  
  • Arbeider sjølvstendig og ynskjer å skapa gode resultat i fellesskap 
  • Er løysingsorientert og høg gjennomføringsevne 
  • Er god til å motivera og engasjera 

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. 

 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Randi Mona Aarhus

+47 91553540

randi.m.arhus@voss.herad.no

Om bedriften

Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. Verdiane våre er: Profesjonell Påliteleg Skapande Inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5351573d-b0d1-4d47-b95e-f7e2c7c374af

Sist endret

17. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3676051_213087_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser