Vernepleiar
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. august
Om stillingen
I Elvevegen bueining bur det 10 bebuarar med nedsett funksjonsevne i alderen 32-73 år som det blir gjeven heildøgns helse og omsorgssteinestar til. Bebuarane har varierande utfordringar og hjelpebehov. I tillegg gjev me tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet.
Vi har avlastingsbustad for barn og unge og dagsenter knytt til eininga. Elvevegen bueining er plassert på Dale og har lett tilkomme med offentleg transport.
Vi søker no etter ein robust medarbeidar som har engasjement, godt humør og lyst til å bidra til fellesskapet vårt. Vil du vere med å bidra til god livskvalitet og ein meiningsfull kvardag for bebuarane våre? Då ønsker vi å høyre frå deg.
Vi har ledig ein 100% fast stilling.
Velkomen til Elvevegen.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar, under dette ansvar for utarbeiding/oppfylging av IP og miljøpermar til fleire bebuarar
- Faglege utfordringar innan tradisjonelt miljøarbeid, psykiatri, geriatri og somatikk
- Sikre at tenestemottakarane får naudsynt hjelp og kvalitativt gode tenester i samsvar med gjeldsande lovverk, avtalar, vedtak og retningslinjer
- Kontakt og møte med eksterne og interne samarbeidspartnarar. Delta og ha ansvar for ansvarsgruppemøte.
- Bidra til å framja eit godt fagleg innhald i tenesta
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar
- Medikamenthandtering
- Miljøarbeid med bebuarane, praktiske gjeremål og dagleg drift i bustad. Vere ein pådrivar for ein aktiv og meiningsfull kvar dag
- Andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonskrav
Vi søker primært etter vernepleiar, men andre relevante høgskuleutdanningar kan bli vurdert
- Relevant vidareutdanning vil bli prioritert
- Interesse og engasjement for brukargruppa er ein forutsetnad
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Må ha gyldig politiattest
- Må ha førarkort klasse B
- Gode IT kunnskaper er eit krav
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid i bustad og avlasting for menneske med nedsatt funksjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, tydeleg og tilstades for brukarane og kollegaer
- Du arbeider godt sjølvstendig og er god på samarbeid med medarbeidarar, samarbeidspartnarar og pårøyrande
- Du har høg arbeidskapasitet og høgt nærvær, er løysningsorientert, fleksibel og endringsvillig i ein uføreseieleg kvardag
- Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet ved å framja gode haldningar og etisk refleksjon. Du er ein bidragsytar til godt arbeidsmiljø.
- Du evnar og er oppteken av å skape tillit og gode relasjonar.
Hos oss er det viktig at du trivast med, meistrar og passar til arbeidsoppgåvene og i miljøet, difor legg me stor vekt på personleg eignaheit ved tilsettinga.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
- Vi kan tilby langvakter kvar fjerde helg
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cc5e88b5-a14d-4b8f-9cbb-9a6a9f475065
- Sist endret
14. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10305809