Hopp til innhold

Koordinator for Vikarpool barnehage

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Koordinator for Vikarpool barnehage
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Om stillinga

Dei fem kommunale barnehagane våre har ein vikarpool med 10 fast tilsette i heile stillingar og ein koordinator i 40 % fast stilling. Dette har vore ei svært vellukka ordning. Dyktige vikarar har bidrege til stabil og god drift i barnehagane, og no søkjer vi ein ny koordinator når vår noverande går vidare til andre oppgåver i kommunen.

Som koordinator får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre rett bemanning til rett tid, og du vil ha tett samarbeid med våre dyktige styrarar. Du blir næraste leiar for dei 10 fast tilsette i vikarpoolen, med ansvar for personaloppfølging, og du vil også arbeide aktivt med rekruttering og oppfølging av ringevikarar. Når det er jobb- og utdanningsmesser er det ein flott mulighet til å snakke varmt om Osterøy-barnehagane.

Vi er fleksibel på korleis dei 40% blir fordelt i løpet av ei veke og heimekontor er muleg. Det finn vi ut av saman. Kommunen har 6 månaders prøvetid for nytilsette.


Arbeidsoppgåver

Koordinatoren har ansvar for å:

  • ha løpande dialog med styrarane om bemanningsbehov i barnehagane
  • fordele jobboppdrag til tilsette i vikarpoolen og til ringevikarar
  • følgje opp dei fast tilsette i vikarpoolen som næraste leiar
  • rekruttere og følgje opp ringevikarar
  • bidra til god planlegging, struktur og oversikt i den daglege drifta

Vi tilbyr

  • ei viktig og meiningsfull rolle i barnehagesektoren
  • ein fleksibel arbeidskvardag
  • moglegheit for heimekontor
  • fleksibilitet i korleis 40 % stilling blir fordelt over fleire dagar

    Det er ønskjeleg at stillinga blir lagt slik at du arbeider kvar fredag, for å kunne kommunisere ut oppdrag for neste veke, men det kan vere rom for tilpassing.


Kvalifikasjonskrav

  • ha erfaring frå barnehagedrift og/eller bemanningsplanlegging
  • kommuniserer tydeleg og godt med ulike menneske
  • er sjølvstendig, men også god til å samarbeide
  • er strukturert, arbeider systematisk og løsningsfokusert
  • har god oversikt, også når det skjer mykje samtidig
  • trivst med å koordinere, planleggje og finne gode løysingar
  • stillinga krev at du legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling, jf barnehagelova §30.

Kven er du?

Du må like å arbeide sjølvstendig, å diskutere ulike løysingar og kunne ta beslutningar. Du vert motivert av å få folk på rett plass til rett tid og bidra til god drift i barnehagane. 

Vi ser fram til å høyre frå deg!


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Kontaktperson for stillingen

Hilde Gunnarson

Tenesteleiar for barnehagane

+47 45327137

hilde.gunnarson@osteroy.kommune.no

Om bedriften

På Osterøy har vi fem kommunale barnehagar: Haus barnehage med om lag 60 barn, Hauge barnehage med 70 barn, Lonevåg barnehage med 100 barn og dei to minste barnehagane våre har om lag 30 barn, dvs Fotlandsvåg og Valestrand barnehage. Du kan lese meir om dei her: Barnehagane våre.

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c66b7e0-15ac-471c-bf87-a51286fbd2ad

Sist endret

24. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306781

Lignende annonser

Laster lignende annonser