Ringevikarar til Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar
Samnanger kommune
Nesjavegen 10, 5650 Tysse, Reistadliane 37, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Ringevikar barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
Søk på jobben
Om stillingane
Me søkjer ringevikarar som ønskjer å arbeide med barn i ein aktiv og meiningsfull kvardag. Som ringevikar bidreg du til tryggleik, leik, omsorg og gode opplevingar for barna.
Me ser etter deg som er fleksibel, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner. Erfaring frå barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav.
Me treng vikarar til dei to kommunale barnehagane våre. Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette som arbeider for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen.
I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane.
Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde. Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking.
Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.»
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i det pedagogiske arbeidet
- Bidra til å skape trivsel, tryggleik og utvikling for alle barn.
- Vera ein engasjert bidragsytar i barnehagekvardagen og i barna sin leik inne og ute
- Vera interessert i barna si utviking og medverknad i kvardagen
- Vera med å ivareta eit godt samarbeid med foreldre
Kvalifikasjonar
Krav- Gode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norskprøve B2 skritleg og munnleg. Dette må dokumenterast.
- Levera politiattest før oppstart
- Levere sjølværklæring om Tuberkulose
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Barne- og ungdomsarbeider utdanning eller anna relevant utdanning
- Erfaring fra arbeid med mennesker
Personlege eigenskapar
- Ha barna i fokus
- Ta initativ og visa sjølvstende til å gjennomføra planar og idear
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både med barn og vaksne
- Vera god på å bygga relasjonar
- Trivast i eit hektisk miljø der mykje skjer samtidig
- Løysingsorientert og imøtekommande
Me tilbyr
- Eit friskt og godt arbeidsmiljø
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege og løysingsorienterte medarbeiarar
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Oppvekstområdet omfattar to kommunale barnehagar, to kommunale skular samt vaksenopplæring. I tillegg er det ein privat barnehage med i samarbeidet vårt. Oppvekstområdet verdet mangfold og berekraftige løysingar, og har som visjon at høg kvalitet på tenestetilboda skal sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge i Samnanger kommune.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bbf6f64e-3747-43c8-a44c-ff9693afd0de
- Sist endret
20. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10313343