Hopp til innhold

Ynskjer du å arbeida som lærarvikar i Voss herad? Sjå her!

Arbeidsgiver

Voss herad Felleslysing grunnskule

Sted

Voss herad, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Ynskjer du å arbeida som lærarvikar i Voss herad? Sjå her!
Voss herad har ledig fleire vikariat som lærar frå dags dato og ut skuleåret 31.07.2026

Tilsetjinga vil skje fortløpande i perioden

Voss herad søkjer engasjerte lærarar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon. 

 

 Utdanning og kvalifikasjonar

  • GLU 1-7 
  • Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Anna relevant kompetanse og erfaring kan verta vurdert


Arbeidsoppgåver

  • Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • Vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Samarbeida med føresette og andre faginstansar
 Me tilbyr:
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
    • Gode kollegaer og eit positivt miljø
    • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

     

    Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
    Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Magnar Helland

    +47 48880331

    magnar.helland@voss.herad.no

    Om bedriften

    Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f6e3cf99-2448-4780-bd49-3e95864a4480

    Sist endret

    13. april 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3616755_244623_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser