Ledige stillingar ved Voss barnevernteneste
Voss herad Barneverntenesta
Gurid Allmenningens plass 1, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige stillingar som kontaktperson i barneverntenesta
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 5. mai
Det er ei ledig fast stilling som kontaktperson ved Voss barnevernteneste i 100 %.
Det er to midlertidige stillingar. Den eine stillinga er eit vikariat frå 01.07.26-31.07.27. Den siste er eit års vikariat frå dagen du vert tilsett.
Om arbeidsstadenMe som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa:
- Openheit,-ved å vera ærlege og gje informasjon.
- Kjærleik,-ved å bry oss og vise menneskevarme.
- Me har også som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
- Me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
- Me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.
Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 2 team: 1. undersøking/tiltak og 2. omsorg
Stillingane er aktuell på begge teama.
Barneverntenesta er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst.
Arbeidsoppgåver som barnevernkonsulent:
- Stillinga inneber sakshandsaming etter lov om Barnevern.
- Ansvarleg kontaktperson må møte som heradet sin partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda og det øvrige rettsapparatet.
- Tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage.
- Ved tilsetjing i omsorgsteamet må ein pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen.
- Ein må pårekne arbeid på ettermiddag og kveld
- Sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver.
Fagleg kompetanse:
- Minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, vernepleiar eller sosionom.
- Gjerne relevant vidareutdanning
Menn vert oppmoda til å søkja.
I tillegg vert personlege eigenskapar vektlagt.
Me ynskjer søkjarar med:- Du har lengre erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
- Du har høg arbeidskapasitet og vilje til å vere fleskibel
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig
- Du er empatisk, engasjert og god på å bygge relasjonar
- Du representere barneverntenesta på ein god måte
- Du jobbar målretta, har struktur og gjennomføringsevne
- Du tek ansvar for oppgåvene dine, eiga komptanseutvikling og deltek aktivt i å skapa eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
- Du handterar utfordrande situasjonar med ro og kompetanse
- Du kan begeistra, dela kunnskap og motivera
- Du er villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som tenesta endrar seg
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Deltaking i å utvikla framtidas barnevern
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Kjekke og kompetente kollegaer
- Rettleiing både internt, fagleg og prosess
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Hugs å gje opp referansar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4ca319d2-a553-421b-9721-2cc029c3acd9
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3617345_212993_nn