Skulestadtunet/vegen omsorgbustad
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar - 80% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her! Skulestadtunet- og Skulestadvegen omsorgsbustad har ledig 80% fast stilling frå 17.08.26
Om arbeidsstadenStillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet- og Skulestadvegen. Her er det til saman 14 omsorgsbustadar. Bebuarane er ein aktiv gjeng og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne bustader i nærområdet.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4.helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt.
Me har eit fokus på kvardagsmeistring, med fokus sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.
- 80% fast stilling
- 16 000,- i rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar
- Årsturnus
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter laurdag/søndag
- Norsk autorisasjon som vernepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning kan vurderast til stillinga
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- Førarkort klasse B
Me ynskjer deg som har:
- kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevne
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- relasjonskompetanse
- evne til omstilling og fleksibilitet, og ynskjer å ta ansvar
- evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Arbeidsoppgåver
- Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluering av tiltak
- Legge til rette for å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar
- Medikamenthandtering
- Målretta miljøarbeid
- Primærkontaktansvar
- Skapa tryggleik og struktur
- Delta saman med bebuarane på turar og fritidsaktivitetar
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
- Bidra til godt samarbeid med bebuar og pårørande
- Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
23229a73-6dd2-48db-9498-6f3b71da8a54
- Sist endret
3. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3632249_213071_nn