Postdoktor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Universitetet i Bergen
Øysteins gate 3, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor i religionsvitskap (antikkens rabbinske jødedom)
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. mars
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i religionsvitskap
Velkomen som søkjar til ei postdoktorstilling i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, med eit forskingsprosjekt om sterkt individuelt engasjement i antikkens rabbinske jødedom. Planlagd oppstart er 1. januar 2027, eller tidlegare etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stillinga er øyremerka forsking på antikk jødisk, rabbinsk litteratur frå 2. – 7. århundre etter vår tidsrekning.
Stillinga er den andre av tre postdoktor-stillingar som blir utlyste i samband med RADHEART-prosjektet. Denne stillinga er ein del av prosjektets arbeidspakke NARRATIVE. Den som vert tilsett vil bli ein del av eit stort og dynamisk forskingsmiljø ved instituttet som fokuserer på oldtida, i tillegg til ei forskargruppe som samarbeider tett om individuelt engasjement i radikale former for religion i oldtida. Den som vert tilsett vil få sjansen til å samhandle med toppforskarar på feltet og reise på konferansar og forskingsopphald.
Om RADHEART-prosjektet:
RADHEART: Radical Habits of the Heart: Emotions, Embodiment, and Strong, Individual Commitment in Ancient Religions, er eit ERC Consolidator Grant leia av Laura Feldt.
Prosjektet fokuserer på rolla kjensler og kropp spelar i sterkt, individuelt engasjement i oldtida. Prosjektet undersøker korleis kjenslemessig intense og sterke religiøse engasjement (dvs. radikale hjartevanar) blir uttrykt og kultivert i jødiske og kristne formative tradisjonar på tvers av dei tre aksane tekstualitet, medialitet, og praksis, frå det 6. århundre før vår tidsrekning til det 7. århundre etter vår tidsrekning. Prosjektet fremmer eit nyskapande teoretisk rammeverk som kombinerer religionsestetikk, erfaringsorientert antropologi og framoverretta filologi.
Arbeidsoppgåver:
Postdoktoren skal arbeide både sjølvstendig og i eit forskingsteam. Det er forventa at den som vert tilsett utviklar og gjennomfører sitt eige forskingsprosjekt om antikk jødisk-rabbinsk litteratur på måtar som bidreg til det overordna forskingsprosjektet. Dette inneber å forhalde seg til prosjektets hypotesar, konsept, teoretiske rammeverk og metodar, og bidra til å nå prosjektets mål og sikre resultat.
Postdoktoren skal publisere vitskaplege arbeid, presentere forsking på vitskaplege konferansar og drive formidling til allmenta. Det er forventa at postdoktoren bidrar til planlegging av prosjektseminar, konferansar og andre arrangement, at vedkommande gjennomfører forsking på spesifikke casestudiar og arbeider med prosjektteamet for å utvikle prosjektet vidare, deltar i skriveseminar og sosiale arrangement, bidrar til organiseringsoppgåver, og elles samarbeider med prosjektleiar Laura Feldt, inkludert å samredigere ein vitskapleg antologi av relevans for sitt eige prosjekt.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga har som formål at den som blir tilsett skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søkje stilling som førsteamanuensis.
Den som blir tilsett må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg. Samla postdoktorperiode er tre år.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap/religionshistorie/religionsstudium eller nærliggande og relevant fag eller fagfelt. Doktoravhandlinga må vere levert innan søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
- Søkjaren må ha kompetanse i antikke jødiske studiar og relevante filologiske ferdigheiter (hebraisk/aramaisk frå den aktuelle perioden), og dokumentert interesse for generell og samanliknande religionsvitskap. Religionsvitskapleg kompetanse vil bli rekna som ein fordel, dokumentert gjennom til dømes publikasjonar, undervisningserfaring eller kurs.
- Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjaren må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse som forheld seg til RADHEART-prosjektskildringa (som ein kan få ved å kontakte prosjektleiar Laura Feldt: laura.feldt@uib.no) saman med ein framdriftsplan for hovudaktivitetane i postdoktorprosjektet, og ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Bruttoårsløn på kr 657 000 i full stilling (kode 1352). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån. .
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv eit søknadsbrev (ca. 5000-7000 teikn) som skildrar dine generelle forskingsinteresser, ekspertise og motivasjon, og korleis desse gjer deg til ein god kandidat for stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for doktoravhandlinga.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Prosjektskisse for postdoktorprosjektet på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode ogetiske aspekt. Skissa skal òg skildre empirien som skal bli brukt i prosjektet. Litteraturliste for prosjektskissa, framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar skal følgje prosjektskissa.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, lastast dei opp som vanlege filer.
- Dokumentasjon som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
- Kort samandrag av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
- Fullstendig liste over faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil fem vitskaplege arbeid (til dømes avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
- Relevante attestar og stadfestingar, og dokumentasjon på kompetanse i antikkens rabbinske jødedom og relevant filologisk kompetanse.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar blir inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Formelle reguleringar:
- Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
- Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
- Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte leiar for RADHEART-prosjektet, professor Laura Feldt, e-post: laura.feldt@uib.no, eller instituttleiar, professor Teemu Sakari Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb138c3c-09ff-4dbe-b443-ce1ff6f52809
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269579
Lignende annonser
Postdoktor i religionsvitskap (tidlege former for kristendom)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Postdoktor ved Sosiologisk institutt - knyttet til prosjektet SALELITE
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen