Postdoktor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på 4 år. Stillinga er knytt til prosjektet «Fair Choices on the Path to UHC – in times of change (2026–2030)», leia av Bergen Senter for Etikk og Prioriteringar (BCEPS), finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet «Fair Choices on the Path to UHC – in times of change (2026–2030)» er eit Norad-finansiert prosjekt som har som mål å støtte låg- og mellominntektsland i å ta rettferdige og kunnskapsbaserte avgjerder om prioriteringar i helsetenesta. Det fokuserer på å styrkje nasjonal kapasitet til å utforme rettferdige og kostnadseffektive helsesystem, særleg i ein kontekst med avtakande ekstern finansiering og endra demografiske forhold. Gjennom samarbeid med styresmakter og akademiske partnarar i land som Tanzania, Nepal, Ghana, Etiopia og Zanzibar, fremjar prosjektet metodar frå helseøkonomi og etikk, inkludert økonomisk evaluering og inkluderande avgjerdsprosessar. Målet er å betre legitimiteten, effektiviteten og rettferda i prioriteringsavgjerder, og dermed leggje til rette for berekraftig framgang mot universell helsedekning (UHC).
Stillinga er ei postdoktorstilling med mål om å kvalifisere kandidaten til faglege toppstillingar. Dette inneber både deltaking i prosjektet sine kjerneaktivitetar og utvikling av sjølvstendig, kritisk og analytisk forsking. Kandidaten vil ha høve til å vidareutvikle og utfordre eksisterande helseøkonomiske metodar og rammeverk, og til å bidra med eigne forskingsspørsmål innanfor prosjektet sitt tematiske område.
Arbeidsoppgåver:
- Leie arbeidet med implementering og vidareutvikling av rammeverk og metodar for helseøkonomi i FairChoices: DCP Analytics Tool (www.fairchoices.org), med særleg ansvar for finansiering av helsetenester og helseøkonomisk evaluering av intervensjonar relevante for inkludering i essensielle helsetenestepakkar i låg- og mellominntektsland. Arbeidet omfattar òg kritisk vurdering og vidareutvikling av metodane i lys av ny forsking og kontekstuelle behov. Det analytiske rammeverket er utvikla i programmeringsspråket R.
- Modellere kostnader og effektar for helsetiltak i FairChoices: DCP Analytics Tool, og kople dette til analysar av finansiering av helsetenester, samt utforske og utvikle nye analytiske tilnærmingar der det er fagleg relevant.
- Systematisere og vidareutvikle dokumentasjon av rammeverk og metodar for finansiering av helsetenester og kostnadseffektivitetsanalysar, inkludert bidrag til metodologisk nyvinning og teoretisk utvikling.
- Initiere og publisere sjølvstendige og samarbeidsbaserte forskingsartiklar i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, både knytt til og utover direkte anvending av FairChoices-rammeverket.
- Undervise i helseøkonomi og prioritering i helse, og rettleie ph.d.-studentar og andre studentar og partnarar, med mål om å styrkje akademisk kapasitet og refleksjon.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor helseøkonomi eller liknande fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
- Søkjar må ha erfaring frå forsking i helseøkonomi og helsefinansiering.
- Erfaring med bruk eller utvikling av populasjonsbaserte helseøkonomiske evalueringar for helsepolitikk og empirisk forsking blir rekna som ein fordel.
- Søkjar må beherske R eller eit tilsvarande programmeringsspråk, og erfaring med R blir rekna som ein fordel.
- Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Nytte engelsk munnleg og skriftleg.
- Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 690 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi er løn for tida kr 700 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 725 000. For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
- Relevante attestar
- Publikasjonsliste
- Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Kjell Arne Johansson, e-post: kjell.johansson@uib.no, tlf.: 971 91 828.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ebb62757-c1dc-420f-90ec-c0481441146d
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10299093