Førsteamanuensis II i kunsthistorie
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis II i kunsthistorie
- Type ansettelse
- Åremål, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. august
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis II i kunsthistorie (arkitekturhistorie)
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv - «bistilling») som førsteamanuensis II i kunsthistorie med spesialisering i arkitekturhistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Om instituttet:
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.
For tida arbeider tre stipendiatar og seks fast tilsette i kunsthistorie.
Arbeidsoppgåver:
- Undervising og rettleiing i europeisk og norsk arkitekturhistorie frå antikken til samtida, bygningsvern, arkitekturteori og historiografi.
- Andre fagleg-administrative oppgåver etter behov.
- Deltaking i den kontinuerlege utviklinga av undervisingsmiljøet.
Undervisingsspråket er norsk eller skandinavisk.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:- Forskingskompetanse innan arkitekturhistorie tilsvarande norsk doktorgrad.
- Dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB.
- Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2.
Pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir tillagt vekt.
Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga, og ein vil leggja vekt på at kandidaten er skikka til å driva undervisingsarbeid. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir óg tillagt vekt.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Brutto årsløn på 790 900,- til 820 900,- i full stilling (kode 1011). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei utgreiing om forskingsinteressene dine og din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverandre eller tidlegare overordna.
- Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:
- Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat. Følg denne lenka for informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar.
- Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte grader (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
- Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar med lenker til fulltekst.
- Inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
53a5ebbb-03e0-4242-86cc-25d8c311c036
- Sist endret
12. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10295785