Hopp til innhold

Forskingsrådgjevar ved Fakultet for kunst, musikk og design

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Møllendalsveien 61, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Forskingsrådgjevar ved Fakultet for kunst, musikk og design
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 17. august

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Seniorrådgivar 

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar i 100% stilling.  

Frå 1. januar 2027 får KMD ansvar for den nasjonale forskarskulen i kunstnarisk utviklingsarbeid. Forskarskulen har tidlegare vore ein del av Direktoratet for høgare utdanning (HK-dir), men er no lagt til KMD, som skal forvalte den på vegne av dei kunstfaglege miljøa i Universitets- og høgskulesektoren. Denne stillinga er ein unik moglegheit til å være med i oppstart og etablering av forskarskulen ved fakultetet, og krev god forståing for samspel mellom administrasjon og fagleg verksemd.

KMD er med sine ca. 190 tilsette og omlag 650 studentar fordelt på tre institutt. Vi er eit fagleg vidfemnande fakultet, med forskingsaktivitet innan kunstnarleg utviklingsarbeid i våre kunstnariske og utøvande fagmiljø, i tillegg til vitskapleg forsking innan musikkvitskap og musikkterapi. Som seniorrådgjevar inngår du i eit team på om lag 4 årsverk, og vil bli ein del av  forskingsadministrasjonen ved fakultetet. 


Arbeidsoppgåver:

  • Administrativ koordinering og oppfølging av aktivitetar i forskarskulen 
  • Bidra til utvikling av det faglege innhaldet i samarbeid med dei nasjonale fagmiljøa 
  • Saksbehandling, utgreiing, rapportering, evaluering og analyse 
  • Arbeide med å synleggjere og formidle aktivitetar i forskarskulen 
  • Samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar 
  •  Administrativ oppfølging av redaksjonelt samarbeid om VIS - Nordic Journal for Artistic Research
  • Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelle.  

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå er eit krav. Doktorgrad er ein føremon. 
  • Relevant erfaring innan administrasjon, gjerne frå universitets- og høgskolesektoren og/eller prosjektleiarerfaring frå offentleg forvaltning eller kulturbransjen 
  • Erfaring frå samarbeid med fagmiljø innan kunstnarisk utviklingsarbeid.
  • Innsikt i og nettverk innanfor kunstnarisk utviklingsarbeid.
  • Søkjar må ha gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg til norsk (begge målformer). 
  • Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse 

 

Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt: 

  • Evne til å motivere, skape kontakt og fremje samarbeid 
  • Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta  
  • Evne og vilje til omstilling i en sektor som er i endring
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrar til eit godt arbeidsmiljø 
  • Fleksibel og serviceinnstilt 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i med årsløn tilsvarande kr 642 000 – 790 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.  
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjend utdannings- og forskingsmiljø.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre kunstnarlege og vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppekoordinator for forskingsadministrasjonen Thomas De Ridder, Thomas.De.Ridder@uib.no, tlf. 91638017 eller fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, eli.hoie@uib.no, tlf. 95198327.  

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Kontaktpersoner for stillingen

Eli Neshavn Høie

Fakultetsdirektør

+4795198327

eli.hoie@uib.no

Thomas De Ridder

Gruppekoordinator for forskingsadministrasjonen

+4791638017

Thomas.De.Ridder@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a1258dbb-adbe-43eb-9c20-5e7c42545c2d

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302816

Lignende annonser

Laster lignende annonser