Hopp til innhold

Rådgjevar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

postboks 7802, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 29. august

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
 

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Rådgjevar 

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar i Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Vi søkjer ein strukturert, systematisk og positiv medarbeidar som vil vere med å bidra til utvikling av kvaliteten på studia ved fakultetet. Den som blir tilsett vil vere superbrukar for Felles studentsystem (FS) og ha eit hovudansvar for studiekvalitetsarbeidet i FS og arbeid med statistikk og rapportering. Dette er eit fagområde som krev høg grad av systematikk og forståing for utdanningsverksemda ved universitetet. Vidare vil rådgjevaren ha ansvar for å koordinere timeplanarbeidet ved fakultetet, for arbeid med vitnemål, og studieadministrative oppgåver knytt til opptak, studierettar og godkjenning av utdanning. For alle desse ansvarsområda er samarbeid med fagmiljøa og støttefunksjon for leiinga ved institutta og fakultetet sentralt.

Stillinga inngår i Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, som har om lag 9 årsverk. Seksjonen har det administrative ansvaret for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og gir råd og leiarstøtte i utdanningssaker ved fakultetet. Dette inneber blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytte til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak og tilrettelegging av studium.


Arbeidsoppgåver:

  • Superbrukarfunksjon for Felles studentsystem (FS) ved fakultetet.
  • Sakshandsaming og kvalitetssikring av studieplanar, utdanningsplanar og emneomtalar for fakultetet sine studieprogram.
  • Koordinering av timeplanarbeid ved fakultetet og brukarstøtte for timeplanleggingssystemet (TP).
  • Studieadministrativ sakshandsaming, blant anna knytt til studierettar og godkjenning av utdanning, og utskriving og kvalitetssikring av vitnemål.
  • Studieadministrativ arbeidsstøtte til og rådgjeving av fagmiljøa og fakultetsleiinga, blant anna ved å utvikle og henta ut statistikk og analyse av studiedata.
  • Utviklingsarbeid på studiefeltet.

Innhaldet i stillinga kan bli endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du har utdanning på minimum masternivå. Lang og svært relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
  • Du har erfaring med studieadministrativt arbeid og saksbehandling frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Du har god administrativ IT-kompetanse og erfaring med arbeid i Felles studentsystem (FS). Det er óg ein fordel med erfaring frå arbeid med TP, EpN, DBH ogTableau.
  • Du er særleg strukturert og systematisk, har evne til å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
  • Du har gode samarbeids- og formidlingsevner.
  • Du har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga


Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som rådgjevar (kode 1434), For tide utgjer det mellom kr. 660 000 -720000 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Hilde Marie Rognås, hilde.rognas@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan lø yse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cb4f9dcc-a433-461f-9730-ba65695f2086

Sist endret

14. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10305573

Lignende annonser

Laster lignende annonser