Hopp til innhold

Vikariat som seniorkonsulent/rådgjevar ved Forskingsseksjonen, Det medisinske fakultet.

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Haukelandsveien 28, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seniorkonsulent/rådgjevar ved Forskingsseksjonen, Det medisinske fakultet
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 1. oktober

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Seniorkonsulent/rådgjevar ved Forskingsseksjonen

Ved Det medisinske fakultet, Forskingsseksjonen, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent/rådgjevar (100 %) med tilsetjing frå oktober 2026 til august 2027.

Forskingsseksjonen har mellom anna programansvar ph.d-utdanninga og for fakultetet sitt arbeid med forskarutdanninga. Vi søkjer ein engasjert og strukturert medarbeidar som ønskjer å bidra til høg kvalitet i saksbehandling og administrativ oppfølging av fakultetet sitt ph.d.-program.


Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling knytt til ph.d.-utdanninga ved fakultetet
  • Behandling av søknader om opptak til ph.d.-programmet
  • Behandling av søknader om godkjenning av opplæringsdelen o.l.
  • Saksbehandling i samband med innlevering og førebuing til disputasar
  • Informasjon og rettleiing til ph.d.-kandidatar, rettleiarar og institutt
  • Samarbeid med institutt og andre administrative einingar ved fakultetet
  • Saksførebuande oppgåver for råd, utval og komitear 
  • Bidrag til utvikling og forbetring av arbeidsprosessar og rutinar innan forskarutdanning

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga. 


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha høgare utdanning på minimum bachelornivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå administrativt arbeid og saksbehandling 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • God digital kompetanse og erfaring. Det er ønskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som Universitetet i Bergen nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes Felles Studentsystem og Websak).
  • Stilling som rådgjevar skil seg frå stilling som seniorkonsulent ved at oppgåvene og måten dei blir løyste på, er meir opne. Ein rådgjevar må i større grad sjølv leggje grunnlaget for korleis oppgåvene skal utførast, gjere vurderingar, analysere konsekvensar, trekkje konklusjonar og fremje forslag til løysingar. Fleire års relevant erfaring er difor naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.

Det er ein fordel med:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til forskarutdanning eller studieadministrative prosessar
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og utvalsarbeid
  • Erfaring med regelverksforvaltning og sakshandsaming

Vi søkjer ein person som: 

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar 
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter  
  • arbeider strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har god rolleforståing og serviceinnstilling
  • tek ansvar og har god gjennomføringsevne
  • trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt arbeidstempo
  • kan sette seg raskt inn i nye oppgåver

Personlege eigenskapar vil bli tillagte stor vekt. Vi søkjer ein medarbeidar som arbeider strukturert og sjølvstendig, har god gjennomføringsevne og trivst med å samarbeide med ulike fagmiljø.

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 615 000 – 650 000. 
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 650 000 – 700 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Tone Friis Hordvik e-mail tone.hordvik@uib.no, tlf: 97001134. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell på e-post: therese.odfjell@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Kontaktperson for stillingen

Tone Friis Hordvik

Seksjonssjef

+4797001134

tone.hordvik@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fea20c66-3cc1-4d12-9c5e-d09f5badcc75

Sist endret

11. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10308795

Lignende annonser

Laster lignende annonser