Er du vår nye controller ved Det medisinske fakultet?
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Controller (rådgiver/seniorrådgiver)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. september
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Controller (Rådgjevar/seniorrådgjevar)
Vil du bruke din økonomiske innsikt til å støtte forsking og utdanning innan helse og medisin? Ved Det medisinske fakultet søker vi ein controller som ønsker å bidra til god økonomistyring og vidareutvikling av økonomifunksjonane i ein spennande og samfunnsviktig organisasjon.
Som controller ved økonomiseksjonen vil du vere ein sentral rådgjevar for fakultetsleiinga og bidra til strategiske beslutningar gjennom analysar, prognosar og økonomisk styringsinformasjon. Du vil inngå i eit strategisk viktig team på 15 høgt kompetente medarbeidarar, og du vil også jobbe tett saman med andre økonomar og leiarar på institutta og ved UiB. Du vil kunne ta del i ulike forbetringsteam på tvers av de ulike einingane ved UiB og bidra inn i eit spennande fagmiljø med stor samfunnsverdi.
Vi ynskjer oss ein medarbeidar med god økonomiforståing, og med gode analytiske evner. controller har også eit tett samarbeid med dei andre økonomane ved UiB.
Økonomiseksjon arbeider med eit mangfald av oppgåver som rekneskap, innkjøp, budsjettering, langtidsbudsjettering, rullerande prognoser, månadleg økonomirapportering, leiarstøtte både mot fakultetet og institutt, i tillegg til utgreiingar, styrearbeid og prosess- og rutineforbetringar.
Vi nyttar Unit4 ERP som økonomisystem samt Tableau og Excel som dagleg arbeidsverktøy.
Kvifor velje oss?Ved Det medisinske fakultet får du jobbe tett på forsking og utdanning som bidrar til å løyse viktige samfunnsutfordringar innan helse og medisin. Du vil få innblikk i ein kompleks og kunnskapsintensiv organisasjon med totalt driftsbudsjett på nær 1,3 milliardar kr.
Administrasjonen har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den faglege verksemda – og du blir ein viktig del av dette. Det medisinske fakultet består av fakultetsadministrasjonen og fem institutt.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene er økonomioppfølging av både fakultetsøkonomien og institutta sin økonomi i samarbeid med økonomane på institutta. I tillegg skal du utøve analyse, rådgjeving og gje administrativ støtte.
Sentrale oppgåver vil vere:
- Budsjett og prognosearbeid for fakultet og institutta
- Analyse av økonomiske resultat og utarbeiding av styringsinformasjon
- Rådgiving og beslutningsstøtte til leiare på ulike nivå
- Oppfølging av fond, legat og gåver
- Utarbeiding av økonomirapportar og saksframlegg til fakultetsstyret
- Bidra til forbetring og effektivisering av økonomiprosessar og rutinar
- Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
- Bidra til å sikre korrekte periodeavslutningar og god kvalitet i økonomi- og prosjektstyring
- Bidra til god økonomiforvaltning, her under enkelte oppgåver knytt til bestillingar og fakturabehandling.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad i økonomiske fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Fleire års relevant erfaring er naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.
- Erfaring frå controllerarbeid som økonomistyring, analyse, budsjettering og prognosearbeid.
- Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk.
- Svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
- God forståing for rekneskap og økonomiske samanhengar.
- God digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel.
- Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
- Erfaring med Unit4-ERP eller liknande økonomisystem.
- Erfaring med rapportverktøy som Tableau.
- Arbeidar strukturert og tar ansvar for egne oppgåver.
- Har gode analytiske evner og likar å løyse komplekse problemstillingar.
- Samarbeider godt med ulike fagmiljø og interessentar.
- Er initiativrik og opptatt av forbetring og utvikling.
- Kommuniserer tydeleg og byggar gode relasjonar.
I vår samla vurderinga av kva for kandidat som er best kvalifisert, vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksten.
Vi kan tilby:
- Ei spanande, kompleks og utfordrande stilling ved ein av landets største utdanningsinstitusjon og kompetansearbeidsplassar
- Ei stor kontaktflate i organisasjonen
- Gode kollegaer som deler kunnskap
- Løn i stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspenn frå kr. 670.000 til kr. 770.000 eller seniorrådgjevar (kode 1364) i lønnsspenn frå kr. 750.000 til kr. 850.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid og andre gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til økonomisjef Kristine Tangen, mobil: 95 11 66 94, eller e-post: kristine.tangen@uib.no. For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, e-post: therese.odfjell@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e76b580d-0710-4ae0-a117-da7ed023ea4d
- Sist endret
18. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10306002