Badevertar
Volda kommune, Kulturavdelinga
Stormyra 2, 6100 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Badevert
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid
- Antall stillinger
- 8
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. mai
Etter eit spennande oppstartsår skal fleire av dei tilsette ved Voldabadet no vidare til studiar eller militæret. Vi søkjer difor nye medarbeidarar til teamet vårt.
Vi ønskjer ei god bredde i personalgruppa for å kunne gi eit best mogleg tilbod til ulike brukargrupper, sikre god og stabil drift og skape eit utviklande arbeidsmiljø. Dette gjeld både alder, bakgrunn og kjønnsbalanse.
Det skal byggast eit nytt team, og vi lyser difor ut fleire stillingar som krev ulike kvalifikasjonar og stillingsbrøkar.
Stillingsprosent på dei ulike stillingane vil avhenge av kva kvalifikasjonar den enkelte har, og kva ynskjer som meldast inn frå søkjarar, sett i ein totalkabal med behov i drift av anlegget i gitt driftsmodell. Vi treng 6-8 badevertar i ca 25-80% stilling. Arbeidstid er dagtid,ettermiddag og kveld i vekene, samt kvar 2. eller 3. helg. Det er difor viktig at du presiserer kva kva stillingsbrøk du ser føre deg, og om du ynskjer å jobbe kvar 2. eller 3. helg.
Vi ser etter deg som er fleksibel og løysingsorientert, da oppgåver knytt til anlegget vil variere. Kundetilfredsheit er viktig for oss, du må difor vere serviceinnstilt og positiv til å delta i å utvikle tilbodet i anlegget. Det er ei styrke med mangfald i personalet, vi satsar difor på ei god fordeling på kjønn, alder og etnisitet.
Alle aktuelle kandidatar må bestå førstehjelpskurs og livbergingskurs (vert tilbudd), før kontrakt skrivast.
Arbeidsoppgåver
BADEVERT:Det er tre hovudstikkord til stillinga: bassengferdigheiter, reinhald og service.
Som kjem av tre hovudfokus for oss: tryggleik, hygiene og god stemning!
Vil du vere med på å skape symje- og badeglede saman med oss? Vi søkjer etter fleire personar til stilling som badevert. Ei spennande stilling der du vert eit sentralt medlem i teamet.
Som badevert jobbar du hovudsakleg ved bassenga, men kan innimellom få oppgåver knytt til kiosksal og billettering. Våre hovudprioritetar er tryggleik, hygiene og god stemning. Dette skaper du ved å vere til stade, tydeleg og hjelpsam. Vi skal saman skape ein arena der alle er velkomne, trivast og ynskjer å kome attende.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at gjestane til ei kvar tid opplev anlegget som trygt, reint og triveleg
- Vakthald, sikkerheit og service i heile anlegget
- Vedlikehald av sikkerheits- og redningsutstyr, og sikre at dette er klart til bruk
- Utføre livredning og førstehjelp om behov
- Gjennomføring av daglege reinhaldsrutinar er ein stor og viktig del av stillinga.
- Servicearbeid, som sal av billettar, symjeartiklar, enkel kiosk og anna kundebetening vil førekome
- Andre bassengrelaterte aktivitetar
Anlegget har mange ulike brukargrupper, med ulike behov. De er aktive deltakarar i å leggje til rette for brei aktivitet, og å skape gode opplevingar, i samarbeid med ulike andre aktørar.
Vi har eit høgt nivå på reinhald og tryggleik, og må difor løpande utvikle og implementere effektive rutinar. Her har alle eit ansvar for god koordinering av reinhald, og vedlikehald av fasilitetar og utstyr.
Alle badevertar har eit tett samarbeid med Teamkoordinator og dagleg leiar, for å sikre smidig drift og positiv arbeidskultur. Vi skal skape høg trivselsfaktor, og de er vårt ansikt utad.
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar til stillingane:
- Minimum 18 år
- Erfaring frå liknande stilling eller bransje er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode norskferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
- Moglegheit og vilje til å arbeide kveldar og helger
- Du må ha symjeferdigheiter, i tillegg til å kunne dykke.
- Du må kunne handle raskt, ha oversikt, og evne å halde fokus.
- Du må kunne følgje rutinane. Ein stor del av jobben til ein badevert inneheld reinhald av basseng, garderobar og øvrig anlegg.
- Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til ein livbergingstest. Denne må ein bestå for å gå vidare i prosessen.
- Aktuelle kandidatar må framvise gyldig politiattest før kontraktinngåing.
Relevante personlege eigenskapar og kvalifikasjonar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du evner å jobbe sjølvstendig og i team
- Du handterer eit høgt arbeidstempo, og du held haudet kaldt i ein kritisk situasjon
- Du ser, og tek ansvar for oppgåver langsmed
- Du er serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikative evner
- Du er delaktig i å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle
Vi tilbyr
- Spennande og varierte stillingar, med moglegheit for personleg og fagleg utvikling i eit nytt og moderne anlegg.
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Lønn etter kommunalt avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit til å påverke og bidra til suksess for eit nyopna flott anlegg
Kontaktinformasjon
Solveig Storeide, Seksjonsleiar idrett og arena, 90565727, solveig.storeide@volda.kommune.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5103889838
Stillingsprosent: 70, 30%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 11.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ea4f27a4-1d22-4391-82fa-213e82d9e7ff
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3bdddc24570949339c08bcb9c144ac07