Styrar ved Syvde barnehage
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Kvia 36, 6140 Syvde
Om jobben
- Stillingstittel
- Styrar ved Syvde barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Det er ledig 100% stilling som styrar i Syvde barnehage frå 01.08. 2026.
Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar, som ligg fint til i Syvde med nærleik både til nærmiljø og turområde.
Barnehagen har fokus på tidleg innsats, og har inkluderande barnehagemiljø og språk (ASK) som satsingsområde. I barnehagane i Vanylven har pedagogane oppdekt plantida si i tillegg til at ein har ein ekstra plandag per år.
Arbeidsoppgåver
Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.
Vi ønskjer ein person med interesse og engasjement for barnehageutvikling, og med ambisjonar om å vere med å skape ein endå betre barnehage i Vanylven.
Vi søkjer ein person med godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå barnehage og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i barnehageleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer direkte til kommunedirektør, og sit i kommunedirektøren si leiargruppe.
Stillinga er 90% administrativ, medan 10% vil vere på avdeling eller dekke opp vikartimar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
- God barnehagefagleg kompetanse
- Bør ha utdanning og/eller erfaring frå leiing i barnehagefeltet
- Praksiserfaring frå barnehagesektoren
- Gode digitale ferdigheiter
- God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- God kunnskap om budsjett- og økonomiarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- God på utviklingsarbeid
- Evne til å motivere og engasjere
- Strukturert og planmessig
- Sjølvstendig og initiativrik
- Imøtekomande og omgjengeleg
- Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven Kommune
- Trivast godt med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
- God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Gode pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
- Aktivt og godt arbeidsmiljø
- Spenannde og utfordrande arbeidsoppgåver
- Flexitid
- Erfaringsdeling og god oppfølging
- Gode forsikringsvilkår
- Andre tillegg jfr Lønspolitisk plan
Opplysningar om stillinga får du med ass. kommunedirektør Eli Tefre Nordal tlf 41424805 eller kommunedirektør Andreas Nørve, tlf 92 84 78 03
Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det er krav om politiattest.
Kontaktinformasjon
Eli Tefre Nordal, ass.kommunedirektør, 41424805, eli.tefre.nordal@vanylven.kommune.noAndreas Nørve, kommunedirektør, 92847803
Arbeidsstad
Primær Fylkesveg 652 106140 Syvde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5121055226
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Andreas Nørve
kommunedirektør
92847803
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7da4de7-785e-4ca2-b8af-c7e75eeda524
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0c9657f98ad44bd59899ef10af5624df