Hopp til innhold

Bli ein del av Kraftlaget i barnehage og skule

Arbeidsgiver

Suldal kommune Overordna oppvekst

Sted

Eidsvegen 7, 4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidarar
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 22. mai

Me ønskjer deg som set borna i fokus.    

Om oss:   

Oppvekstsektoren i Suldal består av barnehagar og skular, kvar med sine kvalitetar - frå mindre barnehagar og skular, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 barnehageplassar og over 250 elevar. Me jobbar saman mot målet:  

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»   

Som fagarbeidar hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.  

Er du klar?  Me treng deg!  

 

Me har behov for dyktige fagarbeidarar på følgande einingar 

Kjølvikstølen barnehage 

Stølane barnehage 

Vinjar barnehage avdeling Nesflaten 

Erfjord skule 

Marvik skule  

 

Kven ser me etter?  

  • Du har godkjent utdanning som barne og ungdomsarbeidar.   

  • Du planlegg og gjennomfører aktivitetar i samarbeid med kolleger som vekker nysgjerrigheit, motivasjon, utvikling og læring hos borna.  

  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.  

  • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.  

  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.  

  • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i eininga sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt miljø.  

Kraftlaget – kva får du hos oss?  

Arbeidsmiljø  

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.  

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.  

Fleksibilitet og kvardagsliv  

Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.  

Utviklingsmoglegheiter  

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.  

Bu i Suldal  

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.  

Hjå oss i Suldal kommune får du:  

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  

  • Engasjerte og dyktige kollegaer  

  • Bedriftshelseteneste  

  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff  

  • Nynorsk som administrasjonsspråk  

  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette  

Andre opplysningar:  

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju  

  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar  

  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa  

  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste  

   

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne-Kate Ellingsen

+47 91198885

anne-kate.ellingsen@suldal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ea32e2f7-9e16-437d-9fc6-280769a28d17

Sist endret

4. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3624489_200259_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser