Pedagogisk leiar i Kjølvikstølen barnehage
Suldal kommune Overordna oppvekst
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. juni
Bli ein del av pedagogane sitt Kraftlag i barnehagane i Suldal
Me ønskjer deg som set borna i fokus.
Om oss:
Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar - frå mindre barnehagar, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 plassar - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Er du klar? Me treng deg!
Kjølvikstølen barnehage
Einingsleiar Katarzyna Mysiara mobil 966 95 566:
- 200% pedagog
Kven ser me etter?
Du har godkjent barnehagelærarutdanning. Personar med andre kvalifikasjonar kan søkje og blir vurderte/ukvalifisert blir tilsett som Barnehagelærar.
Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.
Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.
Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.
Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.
Kraftlaget – kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Bedriftshelseteneste
Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
Nynorsk som administrasjonsspråk
Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ed42193f-454c-4ae2-8511-1cfe30a14472
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3630027_200259_nn