Hopp til innhold

Helgestillingar - Helsefagarbeidar/Pleiemedarbeidar

Arbeidsgiver

Suldal kommune Suldal bu og aktivitet

Sted

Nedre Dalane 41, 4230 Sand

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 29. mai

Suldal bu- og aktivitet er ei eining som tilbyr tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Hos oss møter du dyktige engasjerte medarbeidarar som har fokus på arbeidsglede og å gi gode tenester.

I eininga har me høg fagkompetanse og mykje hjartevarme, me jobbar  aktivt for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla dei gode tenestene me gir. Er du engasjert, jobbar sjølvstendig og i team,  likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben så er det  deg me søkjer.

Om stillinga
Suldal bu- og aktivitet  har faste og vikariat helgestillingar som helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar.

  • Stillingsstorleik: fast helgestilling 22%
  • Stillingsstorleik: to vikariat helgestilling på 19,25% t.o.m. august 2027

Stilling ledig frå midten av august, veka 34

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie  av tenestemottakar ved Suldal bu- og aktivitet
  • Andre oppgåver i tråd med einingas og kommunens behov.
  • Stillinga er i turnus

Krav til kompetanse

  • Ønskeleg med førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kvalifikasjonar

  • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.    

Hjå oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonse.
  • Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering  av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. 
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Egebjerg

+47 91157290

anne.egebjerg@suldal.kommune.no

Om bedriften

Suldal bu- og aktivitet yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Eininga består av bustadane Øvre- og Nedre Dalane, Kyrkjevegen, Suldal dagsenter (dagtilbod) og avlastinga (for born og ungdom under 18 år).

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d3da1766-a204-4036-bf9c-533c2decbba2

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3626653_203559_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser