Hopp til innhold

Er du Voss herad sin nye lærar?

Arbeidsgiver

Voss herad Felleslysing grunnskule

Sted

Voss herad, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Bli ein del av laget i Vossaskulen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 18. mai

Voss herad søkjer engasjerte lærarar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon. Dette er ei felleslysing for undervisningsstilling i Voss herad 

Tilsetjingsprosess
  • 80 % undervisningsstilling med kompetanse innan musikk, norsk og kunst og handterk ved Vossestrand barne- og ungdomsskule 
  • Behovet for undervisningsstilling endrar seg fortløpande, så fleire skular kan få behov i perioden fram mot skulestart hausten 2026.
  • Det blir tilsetjing fortløpande i perioden 
Voss herad tilbyr:
  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for GLU 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Faste stillingar og vikariat i Voss herad
  • Kontaktlærartillegg frå kr. 42 200 til kr. 45 000 per år  
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad, inntil 5000 kroner skattefritt.
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 Arbeidsoppgåver:
  • Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • Vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Samarbeida med føresette og andre faginstansar
 Utdanning og kvalifikasjonar
  • GLU 1-7 eller 5-10 og/eller kompetanse i basisfaga
  • Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy
Personlege eigenskapar
  • Du har eit stort engasjement for elevane si læring
  • Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
  • Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
  • Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

 Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Magnar Helland

+47 48880331

magnar.helland@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e99205f8-c77b-46c2-a90e-613dd5a092e4

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3619787_244623_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser