Lærar med teiknspråkutdanning
Voss herad Palmafossen skule
Tjukkabygdvegen 29, 5705 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar med teiknspråkutdanning
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. juni
Me har ledig undervisningstilling i teiknspråk frå 1.8.2026.
Om arbeidsstaden:
Palmafossen skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer aust for sentrum. Me har rund 175 elever og 30 tilsette. Skulen ligg like ved idrettsanlegget til IL Viljar og turløypene i Bømoen, som me nyttar i skulekvardagen. Me har også eigen gapahuk og er i gang med å opparbeide skulehage - som skal gi elevane ein meir aktiv og praktisk undervisning. Vossaskulen arbeider kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skape gode tenester for elevane våre. Satsingsområda våre er læringsleiing, skulenærvær og dysleksi. Palmafossen skule har frå 1.august 2026 ledig 1 fast stilling for lærar med teiknspråkutdanning i 50 %. Kan om mogleg aukast i stillingsprosent
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for dei som har grunnskulelærarutdanning (GLU) 1- 7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
- Fast stilling i Voss herad
- God ordning for etter- og vidareutdanning
- Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
- grunnskulelærar
- Undervisningskompetanse i teiknspråk
- Dersom ikkje kvalifiserte søkjarar, så kan andre søkarar med teiknspråkkompetanse bli vurdert
Me ynskjer deg som:
- er god på samarbeid og relasjonsbygging
- er trygg og tydeleg
- er strukturert
- er engasjert og positiv
- tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag
- kommuniserer godt og er i stand til å etablere gode relasjonar md elevar, føresette og kollegaer
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- ser verdien av å arbeida saman som eit lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning i og på teiknspråk i henhold til læreplan i norsk teiknspråk
- Tilsyn
- Samarbeid med andre instansar og heim
- Pedagogisk utviklingsarbeid og samarbeid med team
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b4648118-c218-4d02-976d-0abcee66f8ac
- Sist endret
3. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3633733_212967_nn