Hopp til innhold

Er du barnehagelærar?

Arbeidsgiver

Voss herad Bolstad barnehage

Sted

Voss tinghus, 5700 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat som barnehagelærar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Bolstad barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår.

Me har ledig: 
  • 40 %  barnehagelærar for barnehageåret 2026 -2027
  • Tidsrom:
  • Frå 01.08.2026 -31.07.2027
  • Me tilbyr: 
    • Gode vilkår for fagleg utvikling
    • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
    • Ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
    • Gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø 
    • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
    • Løn etter kommunalt avtaleverk 
    Arbeidsoppgåver:
    • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet
    • Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
    • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar
    • Sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
    • Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø 

     Kvalifikasjonar:

    • Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
    • Andre søkjarar kan bli vurdert

     Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest

    Me ynskjer deg som
    • er målretta og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar 
    • er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
    • er varm og grensesetjande
    • er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg 
    • har god evne til samarbeid og søkja felles forståing 

    Informasjon om barnehagen:
    Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Me har 14 barn i alder 1 – 5 år. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

    Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Voss herad har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Verdiane våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    1839cd8d-5126-4d5a-828b-3295495331ff

    Sist endret

    22. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3634951_212649_no

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser