Hopp til innhold

Barne- og ungdomsbibliotekar

Arbeidsgiver

Kultur, Stad kommune

Sted

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Barne og ungdomsbibliotekar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Stad kommune har ledig 70 % fast stilling som barne- og ungdomsbibliotekar med oppstart 01.08.2026.

Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger. Hovudbiblioteket er eit kombinasjonsbibliotek med folkebibliotek og skuleboksamling for Eid vidaregåande skule. Biblioteket ligg i Operahuset Nordfjord, og er samlokalisert med Eid frivilligsentral og Eid vidaregåande skule.

Arbeidsoppgåver

Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar.

  • Du er ein del av den daglege drifta og utfører bibliotekfagleg arbeid i avdelinga, med særskilt ansvar for barn og ungdom
  • Du skal jobbe for å skape leselyst og leseglede blant born og unge 
  • Du har ansvar for formidling til born og unge 0-19 år, både i biblioteket, på skular, barnehagar, avdelingar og filialar
  • Du tek del i planlegging og gjennomføring av aktivitetar, arrangement og utstillingar
  • Du bidreg til å skape ein trygg og god møteplass for born og unge, med varierte aktivitetar
  • Du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
  • Du er ein del av skrankevaktturnusen på hovudbiblioteket. Arbeid på filialar og avdelingar må påreknast
  • Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov

Kvalifikasjonar

Utdanning:

  • Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, kultur eller formidling
  • Erfaring og kunnskap:
    • God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur
    • Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
    • Erfaring frå bibliotek- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel
    • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
    • Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel
    • Erfaring med sosiale medium og marknadsføring er ein fordel
    • Du må ha gode IT-kunnskapar

    Personlege eigenskapar

    • Du er ein positiv og raus lagspelar
    • Du er utadvendt og serviceinnstilt 
    • Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
    • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
    • Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
    • Du er utviklingsorientert og endringsvillig

      Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

    Vi tilbyr

    • Eit bibliotek i utvikling
    • Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, frivilligsentralar og kulturarv
    • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
    • Løn etter tariff
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
    Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

    For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933. 

    Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    Kontaktinformasjon

    Janne Mari Hjelle, Fagleiar bibliotek, 970 96 997, janne.mari.hjelle@stad.kommune.no
    Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33

    Arbeidsstad

    Sophus Lie-vegen 3
    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune

    Referansenr.: 5117312070
    Stillingsprosent: 70%
    Fast
    Søknadsfrist: 31.05.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Geir Holmen

    einingsleiar kultur

    90 77 99 33

    Janne Mari Hjelle

    Fagleiar bibliotek

    970 96 997

    janne.mari.hjelle@stad.kommune.no

    Om bedriften

    Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

    www.nordfjord.no/stad

    www.hjartestad.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    e41ef2f9-ac6b-46cd-8032-973363ea1e20

    Sist endret

    6. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8fb3439b8d124ceaa07490e7629a4ee2

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser