Hopp til innhold

Prosjektstilling i frivilligsentralane

Arbeidsgiver

Kultur, Stad kommune

Sted

Nabben 80, 6740 Selje, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
12. august 2026
Stillingstittel
Prosjektstilling i frivilligsentralane
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Stad kommune har ledig ei 100 % prosjektstilling frå 12.08.2026 til 30.06.2027

Vi søkjer ein engasjert og strukturert prosjektmedarbeidar til to prosjekt:

1. "Bli med på fritidsaktivitet i Stad!"

Prosjektet skal kartleggje fritidstilbod, barrierar for deltaking og tiltak som kan gi fleire born og unge like moglegheiter til å delta. Forventa prosjektresultat er varige rutinar tilgjengeleggjering og formidling av denne informasjonen i heile kommunen.

2. "Etablering av faste opplæringsarenaer for digital kompetanse i Stad kommune".

Prosjektet skal etablere faste arenaer for digital hjelp og opplæring ved bibliotek og frivilligsentralar, samt styrke frivillige og tilsette som gir digital støtte hos heimebuande eller i andre kommunale tenester.

Arbeidsstad vil vere delt mellom Nordfjordeid og Selje, med oppgåver fleire stader i kommunen.

Arbeidsoppgåver

Du skal mellom anna:

  • koordinere samarbeid mellom kommune, frivillige og andre aktørar
  • etablere og vidareutvikle tilbod for digital hjelp
  • rekruttere og følgje opp frivillige digihjelparar
  • bidra til kurs, opplæring og informasjonsarbeid
  • kartleggje og synleggjere fritidsaktivitetar for barn og unge
  • bidra til rutinar og system som fremjar inkludering
  • arbeide med marknadsføring og informasjon i digitale og trykte kanalar

Kvalifikasjonar

Utdanning:
  • Relevant høgare utdanning  innan samfunn, offentleg administrasjon, folkehelse, pedagogikk, sosialt arbeid eller liknande er ein fordel. Relevant arbeidserfaring kan også kvalifisere.
  • Erfaring og kunnskap:
    • Du må ha erfaring med prosjektarbeid, koordinering eller tverrfagleg samarbeid
    • Du må ha god forståing for samspelet mellom kommune, frivillig sektor og innbyggjarar
    • Erfaring med frivillig arbeid, inkluderingsarbeid, digital opplæring eller arbeid med barn og unge er ein fordel
    • Du må ha gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
    • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
    • Erfaring med å arrangere kurs er ein fordel

    Personlege eigenskapar

    • Du er ein positiv og raus lagspelar
    • Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
    • Du er god til å byggje relasjonar og skape samarbeid
    • Du er utadvendt og serviceinnstilt
    • Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
    • Du er utviklingsorientert og endringsvillig

    Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

    Vi tilbyr

    • eit meiningsfullt og utviklande arbeid med stor samfunnsnytte
    • varierte arbeidsoppgåver og høve til å utvikle nye samarbeid
    • eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, bibliotek og kulturarv
    • løn etter tariff og gode pensjonsordningar

    Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

    For nærare opplysningar om stillinga, kontakt Leiar for Eid frivillisentral Astrid Grete Torheim, tlf 41460042 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.

    Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    Kontaktinformasjon

    Astrid Grete Torheim , Leiar Eid frivilligsentral, 41460042, astrid.grete.torheim@stad.kommune.no
    Geir Holmen, Kultursjef, 90 77 99 33, geirholmen@operahuset.no

    Arbeidsstad

    Sophus Lie-vegen 3
    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune

    Referansenr.: 5129014922
    Stillingsprosent: 100%
    Engasjement
    Startdato: 12.08.2026
    Sluttdato: 30.06.2027
    Søknadsfrist: 07.06.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Geir Holmen

    Kultursjef

    90 77 99 33

    geirholmen@operahuset.no

    Astrid Grete Torheim

    Leiar Eid frivilligsentral

    41460042

    astrid.grete.torheim@stad.kommune.no

    Om bedriften

    Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

    www.nordfjord.no/stad

    www.hjartestad.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    2c00b7d1-723f-44c0-acba-89dfc0d4fdd4

    Sist endret

    27. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    a18a6dc490564bc1b6966154c3cf0b86

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser