Hopp til innhold

Medarbeidar fritidsklubben

Arbeidsgiver

Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett

Sted

Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. juli

Vil du vere med å gje tilbod om eit trygt og godt aktivitetstilbod for barn og unge i Hyllestad?


Hyllestad kommune vil halde fram med tilbod om fritidsklubb for barn og ungdommar i 5. - 10. klasse. Vi har opent ein ettermiddag i veka etter skuletid og fram til kl. 18.00.
Klubben nyttar sosialt rom i Hyllestadhallen som base.
Føremålet med klubben er å skape ein meiningsfull sosial arena der ungdommar og større barn kan vere saman med jamaldrande og trygge vaksne. Dei unge får vere med å ta avgjerd om aktivitetar og innhald i tilbodet.
Kvar gong skal det serverast eit varmt måltid som nokre av barna er med på å lage.
Fritidsklubben er ein viktig arena for utvikling av sosial kompetanse.

 

Vi har ledig fast stilling som medarbeidar på Fritidsklubben frå 10.08.2026, 10 % stilling. Arbeidstida er ein ettermiddag i veka, 14.30 - 18.00.
Som medarbeidar skal du fylle rolla som ein trygg og tydeleg vaksen for barn og unge på fritidsklubben. Stillinga omfattar tilrettelegging, organisering og gjennomføring av aktivitetar i samarbeid med leiar og deltakande barn og unge.


Kvalifikasjonar:

Vi ser etter ein trygg og engasjert vaksenperson som trivst i møte med barn og unge, og som vil bidra til gode opplevingar og eit inkluderande miljø.

Den som vert tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest og helseattest.


Personlege eigenskapar:

Du er ein påliteleg, trygg og tydeleg vaksen – med eit stort hjarte for barn og unge
Du har god kunnskap om, og er interessert i, kva dagens barn/ungdom er opptekne av.
Du har gjerne ulike ferdigheiter eller interesser som kan vere relevant for klubben sine tilbod (til dømes innan handverk, data, friluftsliv, kunst, musikk)
Du er god på relasjonar, flink til å lytte, kommuniserer godt med barn og ungdom og vil bidra til å skape eit godt og inkluderande miljø.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Unni Systaddal

Personalrådgjevar

+47 48179160 +47 57789511

unni.systaddal@hyllestad.kommune.no

Om bedriften

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko. Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen. Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre. Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og! Tilgjengeerklæring

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7f68b6dd-e4dc-4f4a-a487-076e854d0af2

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639201_141667_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser