Seniorrådgiver – strategisk samarbeid, samfunnskontakt og regional utvikling- To årig prosjektstilling
OPK-FV - Fagskulen Vestland, Vestland fylkeskommune
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgiver – strategisk samarbeid, samfunnskontakt og regional utvikling
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. juli
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Vi utdannar mellom anna morgondagens fagspesialistar, prosjektleiarar og mellomleiarar innan viktige samfunns- og næringsområde. Fagskulen har åtte studiestader frå Måløy i nord til Stord i sør, om lag 200 tilsette og eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Gjennom tett samarbeid med arbeidslivet utviklar vi framtidsretta utdanningar som møter kompetansebehova i regionen og samfunnet.
Fagskolen Vestland står i ei tid der kompetanseutvikling, omstilling og livslang læring blir stadig viktigare. Samfunnet står overfor store endringar knytt til teknologiutvikling, det grøne skiftet, demografi og tilgang på rett kompetanse. Skal vi lukkast, krev det meir enn gode utdanningstilbod. Det krev samarbeid, tillit, felles retning og evne til å samle aktørar rundt felles mål.
Vi er på jakt etter ein seniorrådgivar som skal bidra til å styrkje Fagskulen Vestland si rolle som ein sentral kompetanseaktør, samfunnsutviklar og samarbeidspartnar regionalt og nasjonalt. Vi skal vere det verdiskapande arbeidslivet sitt førsteval når det gjeld kompetanseheving.
Om du er interessert i disse områda så er dette stillinga for deg. Stillinga er nyoppretta og er i fyste omgong ein prosjektstilling over to år. Den som vert tilsett vil i stor grad vere med å utforme stillinga.
Arbeidsoppgåver
Vi ser for oss at nokon av dine bidrag vil gå inn mot følgjande:Utvikle og følgje opp Fagskulen Vestland sitt strategiske samarbeid og partnerskap
Bidra til strategisk kommunikasjon og samfunnskontakt
Styrkje dialogen mellom Fagskulen Vestland og arbeidslivet
Bidra til å synleggjere fagskulen si rolle og betydning regionalt og nasjonalt
koordinere kontakt og samarbeid med kommunar, fylkeskommune, statlege aktørar, næringsliv og kompetansemiljø
Representere Fagskulen Vestland i relevante nettverk, møteplassar og samarbeidsarenaer
Utarbeide analyser, notat, saksframlegg og beslutningsgrunnlag for leiinga
Kvalifikasjonar
Du har utdanning på masternivå innan relevante fagområde - gjerne pedagogisk kompetanse
Du har dokumentert erfaring frå tilsvarande arbeid
Du har dokumentert erfaring med å byggje opp varige samarbeidsstrukturar
Du har god kjennskap til Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring
Du har god kjennskap til politiske prosessar og evnar å fange og følgje opp nasjonale og regionale styringssignal
Du har god kjennskap til utdanningsektoren utover grunnutdanninga- Høgare yrkesfagleg utdanning og Universitet og høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som forstår korleis langsiktig utviklingsarbeid skjer i praksis.Du må kunne byggje tillit mellom aktørar med ulike interesser, skape oppslutning om felles mål og bidra til at samarbeid utviklar seg til varige strukturar og konkrete resultat
du er analytisk og strukturert
du er god til å sjå heilskap og samanhengar
du arbeider sjølvstendig og tek initiativ
du trivst med å arbeide på tvers av fagmiljø og organisasjonar
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Torbjørn Mjelstad, rektor , 97142081Arbeidsstad
Haugeveien 285005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5145968485
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 19.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Torbjørn Mjelstad
rektor
97142081
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7bc6e0c6-80eb-480f-8110-d678ffebf407
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cdb8490a8f4043f980f2ae82e4294f22