Rådgjevar
NPI - Forsking, kompetanse og internasjonalisering, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. juni
Vestland er i omstilling. Næringsliv, offentleg sektor og kunnskapsmiljø samarbeider for å gjere regionen grønare, og dette arbeidet gir resultat. Grøn region Vestland er ei samordna satsing kring verdiskaparane som går i front for grøn omstilling. Vi koplar aktørar og verkemiddel for auka verdiskaping.
Vi byggjer noko som skal vare. Målet er å ha eit sjølvgåande kraftsenter for grøn næringsutvikling, kunnskapsdeling for berekraftig forvalting av ressursane og nettverk for forpliktande klimaarbeid. Det du er med å byggje no, skal framleis vere i drift om ti år - med fleire bedrifter, sterkare partnarskap og historier som inspirerer langt utover Vestland.
Og vi treng nokon som kan fortelje verda om det - er det deg?
Vi søkjer ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar som kan løfte fram arbeidet til Grøn region Vestland gjennom tydeleg, truverdig og inspirerande kommunikasjon. Du vil vere ein sentral ressurs i eit prosjekt som betyr noko - for Vestland, for næringslivet og for klimaet. Stillinga er ei 3-årig prosjektstilling i 100 % med arbeidsstad på Vestlandshuset i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil vere blant anna å:
- utforme strategisk kommunikasjon for Grøn region Vestland og dei sirkulære hubbane
- løfte fram dei kommersielle suksesshistoriene og verdiskapinga som skjer i fylket
- ha utstrekt dialog med dei som står i front for det grøne skiftet i Vestland
- planlegge og gjennomføre arrangement
- vedlikehalde og utvikle nettsider og sosiale medium
- utarbeide nyheitssaker, artiklar og redaksjonelt innhald
- utarbeide kommunikasjonsmateriell
- gjere administrativt arbeid knytt til prosjektet
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant utdanning på minimum bachelornivå
- erfaring innan kommunikasjon, journalistikk eller media
- gode formidlingsevner i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg
- ferdigheiter innan kommunikasjonsteknologi
- god kjennskap til sirkulær økonomi, næringsutvikling og grøn omstilling
Personlege eigenskapar
Som person:
- kjenner du deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
- forstår du samanhengen mellom berekraft og kommersiell verdiskaping — og kan formidle det engasjerande
- har du gode relasjonelle eigenskapar og evne til å kommunisere med ulike grupper, frå gründerar til kommunedirektørar
- har du stort engasjement for grøn omstilling og næringsliv
- har du evne til å raskt setje deg inn i nye tema og fagområde
- er du sjølvstendig og initiativrik
- jobbar du systematisk og strukturert
- trivst du med å jobbe på tvers av fagmiljø
Vi tilbyr
Vi kan tilby deg:
- ein meiningsfull jobb i eit prosjekt som bidreg til grøn omstilling i Vestland
- moglegheiter til å forme og utvikle rolla saman med prosjektteamet
- eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
- arbeidsstad sentralt i Bergen
- løn etter avtale
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Kathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5145926718
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Kathrin Jakobsen
seksjonssjef
98255253
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
edaa4a58-24c9-424a-ae60-0addf5f138da
- Sist endret
23. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
13325c6b42774c899e56579966b55765