Hopp til innhold

Rådgjevar

Arbeidsgiver

NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune

Sted

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 10. august

Vil du hjelpe gründerar med å lukkast?
Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028.
Etablerersenteret er førstelinjetilbod for dei som vil starte eller utvikle eiga bedrift. Etablerersenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og eigarkommunane. Som ein del av det offentlege støtteapparatet for entreprenørskap i fylket, er Etablerersenteret ein sentral møteplass der gründerar får praktisk hjelp, kompetanse og rettleiing tidleg i prosessen.  Som ein del av Etablerersenteret  blir du ein viktig del av arbeidet med å få fleire til å starte bedrift – og auke sjansen for at dei lukkast over tid. Du vil  jobbe tett på gründerar i ulike fasar.  Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • individuell rettleiing av gründerane
  • dialog med kommunar, næringslivsaktørar og resten av verkemiddelapparatet
  • halde presentasjonar
  • skrive tekster for rapporter og anna
  • analysearbeid
  • det kan bli anna arbeid knytt til oppgåvene på Etablerersenteret 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar. 
  • relevant arbeidserfaring
  • høg fagkompetanse innan innovasjon og næringsutvikling
  • kunnskap om førstelinjetjeneste og offentleg sektor
  • erfaring med å lede fysiske og digitale workshops og samlinger
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig
  •  erfaring frå rettleiing

Det er ein fordel med: 

  • gründerbakgrunn – og gjerne erfaring med å etablere eiga bedrift
  • Personlege eigenskapar

    Du er:

    • ein lagspelar som initierer og utviklar kompetanse, samarbeid og relasjonar, og som synleggjer og deler kunnskap og erfaringar
    • ein som vil løfte andre og er opptatt av verdiskaping og rolla som samfunnsbyggjar. 
    • har høg integritet og stort engasjement
    • sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
    • ein dyktig formidlar, som trivs godt i rollen som fasilitator og rettleiar
    • har fagleg autoritet og varme

    Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.

    Vi tilbyr

    Hos oss får du:

    • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
    • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
    • gode moglegheiter for fagleg utvikling
    • løn etter avtale
    • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

    Kontaktinformasjon

    Sandra Haugland, Seniorrådgjevar, 92669203, sandra.skotnes.haugland@vlfk.no
    Heidi Bjønnes Larsen, leiar, 99613868, heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no

    Arbeidsstad

    Lars Hilles gate 22
    5008 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 5127412915
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 01.01.2027
    Sluttdato: 31.12.2028
    Søknadsfrist: 10.08.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Heidi Bjønnes Larsen

    leiar

    99613868

    heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no

    Sandra Haugland

    Seniorrådgjevar

    92669203

    sandra.skotnes.haugland@vlfk.no

    Om bedriften

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    ab9cec79-56ad-48c3-a0b1-0ad7f86aa429

    Sist endret

    30. juni 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    132c9d321d234a59a95038b7f6fea6b9

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser