Leiar – Kommunal plan og rettleiing
NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Leiar – Kommunal plan og rettleiing
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. august
Vil du vere med å forme korleis Vestland fylkeskommune samarbeider med kommunane om plan, klima og stadutvikling? I seksjon for plan, klima og analyse (PKA), avdeling for næring, plan og innovasjon, lyser vi no ut ei ny leiarstilling – ei unik moglegheit for deg som kombinerer fagleg tyngde med leiarglede. Som leiar får du personalansvar for dei tilsette i arbeidsgruppa, og du vil vere sentral for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet.
Stillinga er på leiarnivå 4 og rapporterer til seksjonsleiar.
Oppgåvene til arbeidsgruppa vil mellom anna vere å:
- rettleie og bistå kommunane i deira planlegging
- samordne og koordinere fråsegn til kommunale planar
- rettleie og følgje opp klimaarbeidet og stadutviklinga til kommunane
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- personalansvar for tilsette i gruppa, inkludert fagleg oppfølging og utvikling av medarbeidarane
- koordinere det daglege arbeidet innan fagområdet
- rådgje og rettleie medarbeidarar og sikre kvalitet og framdrift i arbeidet
- vere ein drivkraft innanfor fagområdet og ta initiativ til utvikling og nye arbeidsmåtar
- støtte seksjonsleiar i å utvikle fagområda til seksjonen
- bidra til å avklare større og tverrfaglege problemstillingar saman med seksjonsleiar
- medverke til godt samarbeid på tvers i seksjonen og avdelinga
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga.
- god kunnskap om ansvarsområda og oppgåvene som ligg til arbeidsgruppa
- engasjement og evne til å utvikle fagområda vidare
- erfaring med leiing eller koordinering
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Leiings- og personalkompetanse
I denne stillinga vil du ha personalansvar, og det er difor avgjerande at du har gode leiareienskapar.
Vi ser etter deg som:
- skapar tillit – er tydeleg, lyttande og legg til rette for trygge rammer for medarbeidarane
- er utviklingsorientert – har eit genuint engasjement for å hjelpe medarbeidarar med å vekse og utvikle seg
- kommuniserer godt – gjev konstruktive tilbakemeldingar og involverer medarbeidarane i avgjerder
- er tydeleg i rolla – forstår skilnaden mellom å vere fagperson og å vere leiar, og trivst med begge delar
- følgjer opp – er nær nok til å sjå medarbeidarane, og har mot til å ta vanskelege samtalar når det trengst
- delegerer og set forventningar – er ein støttespelar som legg til rette for at andre kan lukkast
Vi tilbyr
- Ein nyskapande og fagleg sterk arbeidsplass i utvikling
- Ei ny leiarrolle med personalansvar
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktig lønn etter avtale
- Leiarutviklingsprogram
Kontaktinformasjon
May-Britt Nesje Hernes, Seksjonsleiar, +47 41688169Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5133763253
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.08.2026
Kontaktperson for stillingen
May-Britt Nesje Hernes
Seksjonsleiar
+47 41688169
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
16accd1d-7c79-4a0c-8c25-d43fa1658822
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4640dad03a874fa4ab9bc76a0260a362