Hopp til innhold

Lærar ved Nordfjordeid skule

Arbeidsgiver

Nordfjordeid skule, Stad kommune

Sted

Skulevegen 33, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Lærar ved Nordfjordeid skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Nordfjordeid skule har ledig 100 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2026 - 31.07.2027. 

Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen er ein barneskule med 284 elevar på 1.-7. trinn. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar. 

Meir informasjon om Nordfjordeid skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
  • Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
  • Tett samarbeid med føresette og interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent grunnskulelærarutdanning 1–7
  • Søkjarar med grunnskulelærarutdanning 5–10 eller faglærarutdanning kan også verte vurderte dersom dei har relevant undervisningskompetanse
  • Vi søkjer særleg kompetanse innan basisfag, kroppsøving, kunst og handverk, musikk og spesial- og sosialpedagogikk.
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Du arbeider sjølvstendig og systematisk
  • Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du er utviklingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode kunnskapar innan IKT

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag 
  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med assisterande rektor, Kenneth Vedvik tlf. 971 60 369.

Kontaktinformasjon

Kenneth Vedvik, Assisterande rektor, 971 60 369, kenneth.vedvik@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 33
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5128077087
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Kenneth Vedvik

Assisterande rektor

971 60 369

kenneth.vedvik@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

52e9014e-82c4-40e2-92e4-3e8cfc049d7e

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c825844fafa048e3a08a53cfd86643c6

Lignende annonser

Laster lignende annonser