Hopp til innhold

Helsefagarbeidar - 60% natt på Såta bu- og servicesenter

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvassnesvegen 14, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider - 60% natt på Såta bu- og servicesenter (kopi)
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 11. mai

Om stillinga

Me har ledig 60% fast stilling på natt. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling. Me har årsturnus, og arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg. 


Såta bu- og servicesenter

I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. 

Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. 


Arbeidsoppgåver

  • Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientane på sjukeheimen
  • Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølgning
  • Iverksette og følge opp tiltaksplanar til den enkelte pasient
  • Medikamenthandsaming i henhold til gjeldende rutiner

 


Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. 
  • Me søkjer fagleg trygge hjelpepleiare/helsefagarbeidare med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg. 
  • Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. 
  • God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. 

Kven er du?

  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
  • Du er trygg i deg sjølv
  • Du har god klinisk observasjonskompetanse
  • Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging

Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Du trivst i ei til tider uforutsigbar arbeidskvardag, og du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.

Du bidrar til godt arbeidsmiljø - også på natt.

Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Årsturnus

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Karina Olsvold

Einingsleiar Såta bu- og servicesenter

+4748499925

karina.olsvold@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av ulike sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Knarvik Sjukeheim avdeling Helsehuset, Såta bu- og servicesenter, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har ca 200 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0c4acc0-a0d9-438b-9461-fd98fef84c98

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292243

Lignende annonser

Laster lignende annonser