Hopp til innhold

Sjukepleiarar ved Meland Sjukeheim

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Havnevegen 14, 5918 Frekhaug

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiarar ved Meland Sjukeheim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Om stillinga

Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling i todelt turnus ved Meland sjukeheim ved avdeling Lerketunet og ved avdeling Solkroken. Vi kan tilby 100% stilling, men er også open for anna stillingsprosent dersom du ønskjer dette. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. helg. Det er også mogleg med langvaktsturnus. 

Vi har også ledig sjukepleiarstilling på natt i inntil 80%. 


Om avdelinga

På Meland Sjukeheim blir du ein del av eit varmt fagmiljø der omsorg, kompetanse og gode menneskemøte står i sentrum. Hos oss er ingen dagar heilt like, men alle dagane betyr noko. 

No søkjer vi engasjerte sjukepleiarar til to av våre avdelinger:

Lerketunet - ein avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet.

Solkroken - ein kortidsavdeling, med fokus på rehabilitering hos pasienter som er i behov for dette. Vi har 12 sengeplassar, fordelt på 11 pasientrom. Hos oss får vi inn pasientar med ulike behov; kartlegging, rehabilitering, avlastning og lindring. På Solkroken arbeider vi tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste, spesialhelsetjenestene og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold, og det er god fagkompetanse hos dei tilsette ved Solkroken.

På Meland Sjukeheim har vi også ein somatisk langtidsavdeling, Nordgardstunet, med 24 pasientar. 

Vi har eigne nattevaktar som ivaretek pasientane på heile Meland sjukeheim. Desse er organisert under avdeling Solkroken.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar
  • Kartlegging, planlegging og evaluering av sjukepleietiltak
  • Samhandling med pårørande 
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Veileding av kollegaer og studentar
  • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar 
  • Bidra til utvikling av gode tenester

Vi har også innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for heile sjukeheimen saman med evt. annan sjukepleiar på avdelingane. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers avavdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette. 

Vi ber om at du i søknadsteksten skriv kva for ei avdeling du ønskjer å arbeide ved, og om du ønskjer dag/kveld stilling eller nattevaktsstilling.


Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2- test
  • Fordel med erfaring fra eldreomsorg

Kven er du?

Vi ser etter deg som:

  • Er ein fagleg dyktig sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. 
  • Er trygg, fleksibel og løysningsorientert. 
  • Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar 
  • Er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. 
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Årsturnus, med muligheter for langvaktsturnus.
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,-over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
  • Som sjukepleiar på natt får ein 18 000,- funksjonstillegg i 100% stilling.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Cathrine Thorvaldsen

Konstituert einingsleiar Solkroken, Meland sjukeheim

+4796610763

cathrine.lyngset.thorvaldsen@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

999ce81b-174b-4659-a6f6-51ae1a1a90a4

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10295091

Lignende annonser

Laster lignende annonser