Helsefagarbeidar 50% fast på natt
Alver kommune
Sentralt på Manger, 5936 Manger
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider - 50 % fast natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert helsefagarbeidarar til fast tilsetjing på natt. Arbeidet går ut på å gje trygg omsorg i heimen til menneske med nedsett funksjonsevne.
Stillinga er på 50 % fast stilling med arbeid kvar tredje helg. Her får du eit meiningsfylt arbeid der du blir ein del av ei trivelig og støttande personalgruppe. Stillinga er ledig frå 01.09.2026.
Om oss
Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdelinga som består av fleire bustadgrupper. Tenestemottakarane har ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov.
Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestemottakarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestemottakarane og kvarandre.
Hjå oss arbeider det vernepleiarar, miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
- Helsehjelp og praktisk bistand til brukarar i heimen, tilpassa nattas behov
- Nattleg tilsyn med fokus på individuelle behov og tryggleik
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem, med vekt på observasjonar gjennom natta
- Medikamenthandtering etter gjeldande prosedyrar
- Oppfølging av vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Samarbeid med kollegaer og andre samarbeidspartnarar for heilskapleg oppfølging
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Ønska kompetanse
- Erfaring frå arbeid i tenesteyting til mennesker med nedsett funksjonsevne.
- Erfaring med målretta miljøarbeid
Kven er du?
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid.
- Du er tygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press.
- Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging.
- Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
- Du har evne til etisk og fagleg refleksjon
- Du har interesse og engasjement for brukargruppa.
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi søkjer deg som trivast med å arbeide på natta, når kroppen vanlegvis er innstilt på søvn. Du som evner å vere sjølvstendig og handlekraftig, og skape tryggleik for våre tenestemottakarar.
Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til andre
- Oppfølging og rettleiing
- Gratis parkering
- Årsturnus med moglegheit for innspel på arbeidstid
- Moglegheit til å arbeida i ein organisasjon med eit viktig sammfunnsoppdrag
- Løn for helsefagarbeidar: 452 500 - 528 300 i samsvar med dokumentert lønsansiennitet
- God pensjonsordning i KLP
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e45860ca-937c-4c74-95db-37ca572cb739
- Sist endret
15. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10296224