Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Nevrologi og Rehabilitering Sengepost, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Kom og bli med! Vi søkjer positive og engasjerte sjukepleiarar til spennande stillingar i ein moderne sengepost. Hos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin - i eit miljø der kompetanse, samarbeid og utvikling står i sentrum. Frå august har vi ledig ei fast stilling og to årsvikariat for sjukepleiarar.

Nevrologi og Rehabilitering sengepost er lokalisert i 4 etg. i nybygget LIVA og har 26 einerom. 

Sengeposten vår består av 12 nevrologisenger, der to er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Spesialisert rehabilitering er eit satsingsområde hos oss., og vi har per i dag åtte senger og ei treningsleilighet. Eksempel på type rehabilitering kan vere gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon. 5 senger er medisinske senger der hovudvekt av pasientane er tilknytta det indremedisinske fagområdet. 

Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan fleire fagfelt, særleg nevrologi og rehabilitering.    

Har du erfaring frå, eller ønske om å jobbe innan desse fagområda, håpar vi du tek kontakt. 

Opplys gjerne i søknaden om kva stilling du søkjer på, eller om begge stillingane er aktuelle.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtaler med pårørende m.m.
  • Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis).
  • Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
  • Delta i tverrfagleg team omkring pasientar med komplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
  • Medverking i utvikling av fag og kvalitet i sengeposten. 

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
  • Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Kunne bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr

  • Ein læringsrik arbeidsplass med høgt fagleg nivå
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Turnus med moglegheit for langvakter.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5133659438
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Sirianne Pidic

Seksjonsleiar

(+47) 924 99 376

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

de94b1ab-72a5-4f46-93fe-f3a9fc9189ca

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a959948a8ab34d28a45809f2fb03e657

Lignende annonser

Laster lignende annonser