Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning
DPS Døgn psykose, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
1x 100% fast stilling for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning.
2x 100% vikariat i eit år.Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
DPS Døgn psykose har 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Startdato: Fast stilling: 01.09.2026 eller etter avtale.
Vikariat: Oktober/November 2026
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
- Gi psykiatrisk pleie og omsorg
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
- Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen
- Andre oppgåver etter avtale med leiar
- Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg.
- Mulighet for langvakter i vekedagar er under kartlegging.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav.
- Relevant erfaring er ønskjeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Stephanie Levy, Seksjonsleiar, +47 993 78 985Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5144617164
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 28.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Stephanie Levy
Seksjonsleiar
+47 993 78 985
Om bedriften
Psykiatrisk klinikk og NAV startar i byrjinga av 2019 eit samarbeidsprosjekt som skal bidra til at menneske med psykiske problem og/eller rusproblem kan komme i ordinært arbeid. Prosjektet arbeider etter metoden IPS (Individual placement and support) som forsking syner har gjeve gode resultat når det gjeld sysselsetting.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b0d87318-6946-4957-9558-a64d7fa27bbe
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
effb180745924542b851db869065a9e3