Hopp til innhold

Teraput med høgskuleutdanning

Arbeidsgiver

DPS Dag, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Teraput med høgskuleutdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

DPS dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er loklisert i både Førde og Florø.

Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde der vi har 4 sengepostar med samla 41 sengeplassar og poliklinikk. Vi er samlokalisert med Førde BUP.
DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. DPS dag jobbar og med å opprette eit FACT team. Vi har òg eit oppsøkande team som jobbar medpsykoselidingar. Ein ynskjer å legge tilrette for at søkjar med interesse for eit av dei nemde felta får arbeidsoppgåver innanfor dette.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har ca 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar i poliklinikk. 
  • Delta og bidra i tverrfagleg team 
  • Samhandle og veiledning til kommunar og andre samarbeidspartnere 
  • Veiledning og undervisning innad i organisasjonen ved behov 

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad 
  • Helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande 
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
  • Ønskjeleg med videreutdanning i ei terapiretning, særleg kognitiv terapi og kognitiv terapi for spiseforstyrrelsar
  • Lang relevant klinisk erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning 
  • Minimum to års klinisk erfaring frå arbeid med psykisk helse og/eller rus 
  • Forståing av systemet rundt pasienten og kjennskap til arbeidsoppgåver innan 1. og 2. lineteneste 
  • Norskkunnskapar: God skriftleg og munnleg framstillingsevne  
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg 
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Rettleiing
  • IA bedrift

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5131646131
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Rebecca Mendes Melvær

Seksjonsleiar

(+47) 578 39 707

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

29038018-bc3e-470a-80c1-34917a7d7112

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

481d65a427a64dc6ac08c252bc225a2c

Lignende annonser

Laster lignende annonser