Helsefagarbeidar
Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Kom og bli med! Vi søkjer ein positiv og engasjert helsefagarbeidar til ei spennande stilling i ein moderne sengepost.
Hos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin - i eit miljø der kompetanse, samarbeid og utvikling står i sentrum.
Nevrologi og Rehabilitering sengepost er lokalisert i 4 etg. i nybygget LIVA og har 26 einerom.
Sengeposten vår består av 12 nevrologisenger, der to er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Spesialisert rehabilitering er eit satsingsområde hos oss., og vi har per i dag åtte senger og ei treningsleilighet. Eksempel på type rehabilitering kan vere gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon. 5 senger er medisinske senger der hovudvekt av pasientane er tilknytta det indremedisinske fagområdet.
Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan fleire fagfelt, særleg nevrologi og rehabilitering.
Har du erfaring frå, eller ønske om å jobbe innan desse fagområda, håpar vi du tek kontakt.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i behandling og oppfølging av pasientar innlagt med akutt hjerneslag og andre nevrologiske tilstandar
- Delta i tverrfaglig team omkring pasientar med koplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
- Samarbeide med andre yrkesgrupper om å gje god behandling og omsorg til pasientar og pårørande
- Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov
- Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, mat og aktivitet
- Observasjon og måling av kliniske parametre
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
- Rettleiarfunksjon for elevar i praksis
- Bidra positivt til forbetring og utvikling i avdelinga.
- Todelt turnus, dag og seinvakt
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeider/hjelpepleiar
- Ønskjeleg at søkjar har erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande, utfordrande og fagleg utviklande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5133660982
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 14.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Sirianne Pidic
Seksjonsleiar
(+47) 924 99 376
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d0634a7d-08f6-45c0-80cd-72078ecb3085
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b490d44667b14ac9a9d8c1c092f0a673