Sjukepleiar
Ortopedi poliklinikk Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Ortopedisk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig eit seks månaders vikariat i 100% stilling som sjukepleiar.
Oppstart i stilling etter nærare avtale.
Om arbeidsplassen
Seksjonen har 6,25 faste stillingar for sjukepleiarar på poliklinikken og det vert utført ca. 14.000 konsultasjonar årleg.
Arbeidstid
Opningstid på poliklinikken er 08.00-18.00, der det er ei seinvakt kvar vekedag frå kl. 10.00-18.00. Poliklinikken er stengt i helg og høgtid.
Arbeidsoppgåver
- Nytilviste som skal ha spesialistvurdering
- Pasientar som skal tildelast operasjonsdato og informasjon i høve diagnose
- Oppfølgjing av nyopererte som er til kontrollar
- Gipsing og sårstell
- Sårpoliklinikk
- Drifting av skadepoliklinikk på dagtid
- Assistanse ved mindre operative inngrep
- Oppfølging av sjukepleistudentar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring og erfaring frå fagfeltet
- Erfaring frå liknande arbeid på poliklinikk og sengepost vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gerd Nesbø, Seksjonsleiar, (+47) 905 66 138Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5121621020
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Gerd Nesbø
Seksjonsleiar
(+47) 905 66 138
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
10623f61-acf8-4aa7-930a-85387e36d937
- Sist endret
4. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
38ca5b63bee946b1bf67099a4a3a347d