Hopp til innhold

Allsidig og spennande stilling som sjukepleiar - kombistilling

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost 2 og Medisinsk poliklinikk, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - kombistilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. juli

Medisinsk poliklinikk og Medisinsk sengepost 2 har ledig fast kombistilling som sjukepleiar. Stillinga er delt mellom einingane med 50% på poliklinikk og 50% på sengepost.

Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Vi kan også love at du vil bli omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.

Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre.

I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
For denne stillinga vil det primært vere innanfor lungefeltet, der ein blant anna utfører lungefunksjonstestar, assisterar ved bronkoskopiar og har ein del oppfølgings- og opplæringsarbeid . Det vil vere ein fordel med erfaring innan fagfeltet og med poliklinisk arbeid.

Medisinsk sengepost 1 og 2 har totalt 32 senger og har eit tett samarbeid. Hovudfagfelta innan medisin 2 er mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing. Hovudfagfelta innan medisin 1 er nyre, endokrinologi  og hjartesjukdommar. Elles har vi mykje andre generelle indremedisinske problemstillingar.


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i kombistilling, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager.
Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. 
Vi brukar DIPS som journalsystem og ein vil bruke dette mykje i det daglege. På sengepost brukar ein elektronisk kurve i MEONA. 

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid eller poliklinikk frå tidlegare, men ikkje påkrevd.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost og poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt. 
Arbeid på sengeposten er i 3-delt turnus og  vi tilbyr langvakter på helg om det er eit ønskje.


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Mari Indrebø, Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 2, (+47) 909 20 435
Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar Medisinsk poliklinikk, (+47) 910 08 356

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5147169753
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.07.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Line Anita Hjorthaug

Seksjonsleiar Medisinsk poliklinikk

(+47) 910 08 356

Anne Mari Indrebø

Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 2

(+47) 909 20 435

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f6cbb20-0fad-4a75-9747-8f598c6f9ebc

Sist endret

17. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

526c04d485ac4674a00a38ea7cea0bb2

Lignende annonser

Laster lignende annonser