Avdelingsleiar kultur
Sektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Fyresdalsvegen 2233, 3870 Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar kultur
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Vil du jobbe som leiar i ein framtidsretta distriktskommune med tydlege ambisjonar? Fyresdal kommune satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon og i den samanheng vil avdeling for kultur ha ei sentral rolle framover. Her vil du ha reell påverknadskraft for utvikling av tenestane innanfor kultur og fritid.
Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på. Du får høve til å kombinere ein meiningsfull jobb med eit godt liv – der det er rom for både fagleg utvikling og kvardagsbalanse. Å jobbe i Fyresdal kommune betyr å vere med og forme framtida i ein liten kommune.
Det går føre seg ei større datasenteretablering i kommunen. Den etableringa vil gje større handlingsrom og tilboda innafor kulturfeltet vil bli viktige i utviklinga framover.
I avdeling for kultur ligg junior- og ungdomsklubb, bibliotek, badevakt, kultur og kulturskule. Kommunen har fine lokale, ny idrettshall og nyrenovert kulturhus. Avdeling kultur er ei av dei tre avdelingane i sektoren; skule, barnehage og kultur. I dag har avdelinga ca. 10 tilsette.
Kultur - det som gjer oss til oss!
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle kultur- og fritidstilbod
- Rektor for kulturskulen
- Personal- og administrasjonsleiing, inkludert økonomi- og planarbeid
- Saksbehandlar
- Koordinator for ungdomsrådet
- Kulturarrangement
- Dagleg drift og booking av kulturhus, idrettshall og symjehall
- God forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
- Delta i sektoren si leiargruppe og kommunedirektøren si utvida leiargruppe
- Bidra til tverrfagleg samarbeid
Ein må pårekne noko helg- og kveldsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan kulturfag, pedagogikk og leiing
- Leiarfaring frå kultursektoren eller tilsvarande er ein fordel
- Erfaring frå førebyggjande arbeid, utvikling av fritidstilbod og ungdomskultur
Personlege eigenskapar
- Stor gjennomføringskraft og evne til å skape engasjement i avdelinga og lokalmiljøet
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner for å motivere og bygge nettverk
- God forståing av kulturfeltet si rolle i samfunnsutviklinga
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å prioritere
- Strukturert og god skriftleg framstilling
- Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi ser etter deg som ikkje berre har fagkompetanse, men som også har personlege eigenskapar og motivasjon for å lukkast i ei stilling med høg variasjon og utvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Moglegheit for å påverke og utvikle kommunale tenester
- Ein kommune med satsingsområde på barn og unge
- Fortløpande opptak i barnehage og skulefritidsordning
- Etter eitt års busetting og arbeid i kommunen kan du søke om sletting av studielån gjennom Lånekassen si statlege ordning (Fyresdal = sentralitetsklasse 6)
- Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår
- Krav om politiattest ved tilsetting
- Teieplikt etter gjeldande regelverk
- Seks månadar prøvetid
Namn på søkar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova.
Kontaktinformasjon
Liv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97760221Arbeidssted
Fyresdalsvegen 22333870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5133690367
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Liv Johre Bakke
Kommunalsjef kultur og oppvekst
+47 97760221
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
de02708f-cff2-4cba-80fb-0a517966ea75
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0871eae887e847b1a6ef7b7eb951e5b1