Hopp til innhold

Avdelingsleiar fellesfag, studiespesialisering og påbygg

Arbeidsgiver

Vest-Telemark vidaregåande skule, Telemark Fylkeskommune

Sted

Storvegen 195, 3880 Dalen

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar fellesfag, studiespesialisering og påbygg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. juli

Me søkjer etter 100% Avdelingsleiar for fellesfag, studiespesialisering og påbygg

Personalet på avdelinga er prega av høg kompetanse og stor breidde i fagområde. Avdelingsleiar skal sørge for at dei skal ha gode arbeidsvilkår og den naudsynte støtta for å kunne utføre opplæringsoppdraget. Avdelingsleiar skal jobbe etter skulen sin visjon; "Alle kan - me hjelper deg fram", og ved hjelp av utviklingsarbeid  og samhandling i ulike profesjonsfellesskap legge til rette for at skulen når Telemark fylkeskommune sine mål om auka læringsutbytte,  auka gjennomføring med planlagt kompetanse og auka livsmeistring. 

Til stillinga ligg det personalansvar for ca 20 personar. Tyngda i arbeidsoppgåvene  går med til  å utarbeide planar og tilrettelegge skuleåret ved hjelp av det skuleadministrative systemet InSchool, mykje i samhandling med leiarteamet. Med til arbeidet høyrer også rettleiing av elevar i val av fag, og oppbygging av vitnemål og kompetansebevis.

Ansvaret for alle eksamenar som skal gjennomførast ved skulen ligg pr i dag til stillinga. 


Arbeidsoppgaver

Avdelingsleiar for fellesfag, studiespesialisering og påbygg skal leie avdelinga for dei som som i all hovudsak underviser i fellesfaga på alle avdelingane ved skulen, samt programfaga på studiespesialiserande og VG3 påbygg til generell studiekompetanse.

Avdelingsleiar har ansvar for utviklingsarbeid, og leier arbeidet i profesjonsfellesskapa på avdelinga. Særskilde prosjekt kan også vere aktuelle å ta initiativ til og følgje opp. Til dømes internasjonalisering. 

Avdelingsleiar skal i samarbeid med leiargruppa analysere behov for fag og stillingar, utarbeide stillingsplan, for deretter å planlegge skuleåret og leggje og justere  fortløpande timeplanar (skuleårsplanlegging i InShool). Avdelingsleiar har ansvar for vikarhandsamingsprosessen. Samhandling i leiargruppa er naudsynt for å koordinere dette arbeidet. Avdelingsleiar deltek i elevsaker for si avdeling, både individuelt, i ulike team og med føresette.

Rettleiing av elevar si fagsamansetting, slik at vitnemål for studiekompetanse vert rett, ligg også til denne stillinga. Til ansvaret for eksamen ligg oversyn og kontroll av kandidatar, uttrekk til eksamen og planlegging og administrering av gjennomføringa. Skulen gjennomfører også ei rekkje privatisteksamenar lokalt, og ansvaret for dette ligg også til denne stillinga. 

Det kan bli aktuelt med noko undervisning. 

Kvalifikasjoner

Skulen ynskjer ein pedagog, med relevant høgare utdanning innafor eitt eller fleire av områda dekka av avdelinga. Gjerne master. Leiarerfaring med gode referansar er positivt, - og har du gjennomført "rektorskulen" er det eit pluss, - men me kan også legge til rette for slik utdanning. Du bør ha god kjennskap til, interesse og erfaring med å tolke regel- og avtaleverk. Vilje og evne til å nytte ulike digitale verktøy i det daglege arbeidet er ein føresetnad, mellom anna InSchool, kontor-, arkiv- og kommunikasjonsverktøy.


Personlige egenskaper

Det at du er personleg egna til stillinga vert høgt vektlagt. 

Me vil legge stor vekt på din leiarfilosofi, og at du er strukturert, systematisk og tydeleg. Dette er viktig for å skape tryggleik og tillit i avdelinga. 

Du er kreativ og kan utfordre til nytenking. Du har evne til å sjå dei pedagogiske behova, - og jobbe for skulen som ein heilskap, samstundes som du utviklar eiga avdeling. Du er også samhandlande og kan justere kursen ut frå fellesskapet sitt beste. Du har gjennomføringsevne og er god til å både administrere og kommunisere. Du er også nysgjerring, og ynskjer å utvikle deg både innan skuleutvikling og teknologi. 

Avdelinga ynskjer seg ein person som kan sjå utfordringar tidleg, og som både kan leie, sjå den einskilde sine kvalitetar og gi handlings- og utviklingsrom. 

Vi tilbyr

I denne stillinga har du rett på ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre blir utbetalte i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen har inkludert uføre- og etterlatnepensjon. Med pensjonsrett i SPK (Statens pensjonskasse) får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på nettsida til SPK (spk.no)

Kontaktinformasjon

Siv Reidun Eide, Rektor, 95854292, siv.reidun.eide@telemarkfylke.no

Arbeidssted

Storvegen 195
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune

Referansenr.: 5125002712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Siv Reidun Eide

Rektor

95854292

siv.reidun.eide@telemarkfylke.no

Om bedriften

Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune og hentar elevar frå heile Vest-Telemark. Regionen byr på ei rik kulturhistorie, har eit innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med rike tilhøve for friluftsaktivitetar.

Skulen har nært samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar.

Elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule kan velje mellom utdanningar innan Studiespesialisering, Helse- og oppvekst, Teknologi og industrifag, Elektro, og tilrettelagt opplæring. Skulen tilbyr også påbygg for studiekompetanse,  kombinasjonsklasse for ungdomar som treng grunnskuleopplæring før vidaregåande, og har også eit tilbod om vekslingsmodell  der elevar kan kombinere læretid og skule. Vidare er det høve til å bli sertifisert for Skuter klasse S ved skulen. 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b8155a2c-afb8-46f7-ae35-05a3acf8667d

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f8cf4d21134e4719a86564c649d72bcf

Lignende annonser

Laster lignende annonser